English

Dalegubben

Ørsta

Kort om turen

Dalegubben er høgste toppen på fjellmassivet nord for Sæbø. Toppen er nesten ikkje synleg frå Sæbø, men når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden. Første delen av turen til Dalegubben går på Gunnarråsa der du kan gå innom Fredbua, ei kvilehytte med god utsikt over Sæbø og Hjørundfjorden.

Ruteskildring

Frå Kvievegen går du vegen opp til vassverket (ca 400 m) Råsa startar bak vassverket og går på venstre sida av fonnvernet, råsa går nordvestover bratt opp gjennom barskogen, går så vestover flatt eit stykke før den igjen går nordvestover bratt opp gjennom lauvskogen til ca kote 450, då er du komen oppom skogen og råsa kryssar elva (her er siste moglegheit til å finne drikkevatn) Råsa går så nordvestover midt etter Skondalen, øverst i Skondalen må du regne med at det tidleg på sommaren ligg ein stor snøbre som du må krysse, komen opp Skondalen går du over på lavaste punktet på austsida av Dalegubben og du må klyve opp på baksida dei siste 50 hm.

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 i rundkøyringa i Ørsta sentrum og køyr fv 655 til Sæbø, køyr Øyragata forbi ferjekaia og ta andre avkøyring til venstre på Kvievegen og parker på parkeringsplass før vegen opp til vassverket. Dersom her ikkje er ledig parkeringsplass må du finne parkeringsplass i Sæbø sentrum. Parkeringsplass med plass til 4 bilar i Kvievegen. Dersom her ikkje er plass ledig må du finne parkeringsplass i Sæbø sentrum.
Fottur
Svart
Lengde
7,2 km tur/retur
Stigning
1340 m
Tidsbruk
5 t. 10 min.

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 6,4

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Motbakkeløpet Dalegubben Opp vart arrangert for første gong i 2017. Løyperekordane er: Herrer: Andreas Skylstad 57.20. (2017) Kvinner: Lucy Jancus 1.11.01. (2017)

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut