English

Brenslen

Aukra

Kort om turen

Turen til Brenslen er ein fin tur som ein kan gå året rundt. Flott utsyn mot havet på heile turen. Ved Smågevatnet, som er det største vatnet i Aukra kommune, er det ein gapahuk og kanoar til utleige.

Ruteskildring

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Evt. ferje frå Ona-Finnøya - Sandøya-Orta-Småge. Følg skilt til Røssøyvågen og Småge. Alternativ 1: Start ved parkeringsplassen ved Smågevatnet. Ta til venstre for informasjonstavla og følg stien til det høgste punktet på turen.Alternativ 2: Parker ved Småge ferjekai og start turen derifrå. Stien startar til høgre for busskuret ved parkeringsplassen. Følg stien langs med sjøen til Brenslen. Flott utsyn mot havet på heile turen. 

Ved Smågevatnet er det ein gapahuk og kanoar til utleige. Ta kontakt med Aukra kommune (71 17 15 00) for lån av nøkkel til kanoane, årer og redningsvestar.

NB! På grunn av skade på stien fra Smågevatnet til Brenslen, oppfordrer vi til at turgåere starter på Småge ferjekai når de skal gå til Brenslen. Altså alternativ 2 i turbeskrivelsen. Området ved Smågevatnet er verna som naturreservat. Området er verna som ein del av verneplan for våtmark i Møre og Romsdal.

Tilkomst og parkering

Start ved parkeringspalssen ved Smågevatnet. Ein kan også starte ved ferjekaia på Småge. Alternativ 1: På parkeringsplass ved Smågevatnet. Ingen parkeringsavgift (lengde tur 0,7 km). Alternativ 2: På parkeringsplass ved Småge ferjekai. Ingen parkeingsavgift (lengde tur 1,7 km).
Fottur
Grønn
Lengde
0,75 km en vei
Stigning
44 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
20 moh
Merking
Skiltet

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,4

Offentleg transport

Ferje Rute 31 Hollingsholmen- Aukra og buss. Sjå Framm.no for rutetider.

Anna

Området ved Smågevatnet er verna som naturreservat. Området er verna som ein del av verneplan for våtmark i Møre og Romsdal.
Køyreskildring
Print ut