English

Brekkeheida frå Hellevegen

Ørsta

Kort om turen

Brekkeheida ligg fint til med god utsikt over Ørsta og Ørstafjorden. Brekkeheida er omkransa av høge fjell: Saudehornet og Vassdalstinden i nord, Sandhornet i nordaust og Melshornet i sør. På denne turen får du også gå Hellevegen som går opp til Brekkesætra.

Ruteskildring

Start ved minnesteinen over Hans I. Brekke og gå Hellevegen gjennom skogen ca 650m, då er du komen til Brekkesætra, når du har passert Brekkesætra deler råsa seg, du tek den som går til venstre over ein liten haug og fortsetter bortover myrane og bort på Brekkeheida.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 til Ørsta, ta av i Ørsta skilta til Sæbø og køyr fv 655 ca 4,6 km til Høgebrua, der køyrer du rett fram på fv 55 ca 800m og tek av til venstre på ein bomveg og køyrer den 2 km uten å ta av på kryssande vegar, då er du ved minnesteinen der Hellevegen startar. Parker på vegkanten der Hellevegen startar. Bomveg.
Fottur
Grønn
Lengde
1,33 km en vei
Stigning
206 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
376 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, Sunnmorskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Nkr
Køyreskildring
Print ut