English

Breidfjellet frå Ulsteindalen

Ulstein

Kort om turen

Dette er ein topp med super utsikt; havet i vest, sunnmørsalpar i aust og holmar og øyar i sør. Det er eit lett tilgjengelig turmål som går delvis på veg og delvis på sti.

Ruteskildring

Start ved kraftverket i Ulsteindalen. Følg vegen opp til Lisjevatnet, ca 1,3 km. Litt bratt i starten, og så flatar det litt ut når ein nærmar seg vatnet. I enden av vegen tek du sti til venstre/mot nord. Det er skilta mot Roppehornet og Breidfjellet. Stien går i eit litt vått terreng, men det er lagt ut ein del plankar og det er også steinar å gå på, så ein blir ikkje så veldig våt på beina, men det er lurt med sko som tåler ein del væte. Ein passerer to hytter undervegs, den eine i eit skogholt like etter start, og den andre oppe ved Kjellstjørna. Når ein kjem opp til dette vatnet, går stien på nordsida av vatnet. I enden av vatnet går ein over ei steinhelle/bru over elva. Her skal du følge stien rett fram opp ein liten bakke. Ta ikkje av til høgre mot hytta. Følg stien vidare mot toppen. Ved 435 moh (N62° 22.972' E5° 52.229') møter du stien som kjem frå Roppehornet. Herifrå og opp til toppen er det jamn stigning.Stien er lett å finne. Den stig litt i starten, flatar litt ut mot Kjellstjørna, og så er det litt brattare siste delen mot toppen.

Tilkomst og parkering

Ta av frå rv 61 mot Ulsteinvik sentrum. Køyr Sjøgata vestover gjennom sentrum i retning mot Flø. Ta av mot Flø på Fløvegen. Køyr ca 2,5 km. Etter at du har passert Skeide kjem du snart til der du skal ta av. Det ligg eit bedehus på nedsida av vegen. Du skal ta av før du kjem til dette. Køyr opp Ulsteindalen, litt over 1 km til du kjem til eit kraftverk. Her kan du parkere og her startar turen Ved kraftverket der vegen stoppar
Fottur
Blå
Lengde
6,84 km tur/retur
Stigning
437 m
Tidsbruk
2 t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
529 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Buss til Flø: frammr.no Det går også fint å sykle til start

Anna

Ein kan ta andre ruter til Litlevatnet. Til dømes er "Mørdarebakken", ein ny turveg mot Mosvatnet, eit godt alternativ. Det går veg på sørsida av Litlevatnet som ein kan følge til der stien startar

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut