English

Breidfjellet-Sarshornet-Brørene-Sneldelida

Hareid / Ulstein

Kort om turen

Hareidlandet har mange turmål og toppar å by på, og utsikta er super sjølv om ein ikkje kjem så høgt. Dette er ei runde på 16,5 km og ca 900 høgdemeter som hovudsakleg går i Ulstein kommune, men ein er såvidt innom Hareid også. Delar av turen går på grensa mellom Hareid og Ulstein

Rutebeskrivelse

Start på bomvegen frå Midtflø som går til Brørevatnet der det er skilta til Roppehornet. Her set du att bilen. Følg vegen mot Roppehornet. Etter ca 1 km, i 200 meters høgde, kan du velge å ta ein snarveg på ein sti i staden for å følge vegen rundt. Ta då av til høgre langs ei elv. Det ser ut til at ein gamal traktorveg har gått her. Følg denne til du kjem inn att på vegen. Følg vegen til endes. Vegen går etterkvart over til ein tydeleg sti, delvis merka. Ved 370 moh (N62° 23.177' E5° 50.562') tek du sti til venstre og følger denne oppover ein rygg som vert kalla Trollvassegga. Her er merka med pinnar i starten. Vil du ha deg ein avstikkar til Roppehornet, tek du stien som går til høgre. Stien vidare er tydeleg heile vegen rundt til Sneldelida. Nokre plassar er det også merking som du kan følge. Første fjellet du kjem til er Breidfjellet (534 moh), neste er Sarshornet (542 moh), så kjem du til Brørene (620 moh). Følg stien langs kanten på ryggen vidare frå "Storebroren", over Tørlingehaugane og så opp til Sneldelida (633 moh). Det er super utsikt mot havet, mot Storfjorden og du ser også til Ålesund. Frå Sneldelida og ned til Brørevatnet er stien mindre tydeleg. Eit par hundre meter etter toppen, etter nokre tydeleg vardar, kan du få auge på eit raudt merke på ein stein. Om du vil, kan du ta rett ned her til Brørevatnet. Her er ingen god sti, men du kan sikte deg inn mot ei grøft og ein sti nede ved Brørevatnet. Du kan også følge ryggen ned til du kjem til stien som går i dalen mellom Sneldeldia og Smørkinna. Frå Brørevantent følger du grusvegen ned att til bilen Om du har tid, er det fint å gå vidare til Smørkinna, Veten og Midtflø-hornet (sjå https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Midtfloehornet-Veten-Smoerkinna). Du kjem då ned like ved der du har parkert. Gå litt tilbake oppover bakken når du kjem ned til vegen, så kjem du tilbake til der du starta turen.

Adkomst og parkering

Køyr gjennom Ulsteinvik sentrum og ta av til Flø like etter ein bensinstasjon (FV25). Når du kjem til Flø, skal du køyre forbi campingplassen (Flø feriesenter) til du ser skilt mot Roppehornet, Sneldelida m.m. Køyr opp denne vegen (Fløvegen) og du kjem straks til bomstasjonen. Kr. 50 for bil (2018). Du kan betale med Vipps. Følg bomvegen litt over 1 km til du kjem til skilt til Roppehornet.Parker i vegkrysset Parker i krysset der det er skilta mot Roppehornet
Fottur
Blå
Lengde
16,5 km rundtur
Stigning
900 m
Tidsbruk
6 t. 25 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 13

Offentlig transport

Det er mulg å ta buss til Flø frå Ulsteinvik frammr.no

Kart

norgeskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut