English

Bergsvegen - Dunderhoff - Dinglavatnet

Volda

Kort om turen

Ovanfor bebyggelsen i Volda sentrum er det eit nettverk av stiar som gir høve til ei mengde varierte turar. Ein av dei er denne rundturen med start øvst i Bergsvegen. Fint turterreng, delvis på veg og delvis på sti. Turen går via Heltnelihuken, Kortemyra og Dunderhoff. Så over til Turnhytta og opp til Dinglavatnet. Returen følger ei litt anna rute

Ruteskildring

Fra parkeringsplass i Bergsvegen følger du vegen opp til avsperringa og sti gjennom skogen. Når du kjem opp på skogsvegen igjen, følger du denne knapt 600 m. Ta av til venstre der vegen deler seg (følg skilt). Du ser snart Heltnelihuken. Her er det verdt å ta ein stopp og nyte utsikta. Gå skogsvegen vidare. Følg skilt til Kortemyra og Dunderhoff i svingen ovanfor Heltnelihuken. Etter 2-300 m ser du eit eldre skilt til Kortemyra. Ta av på stien her, følg raude merkepinnar. Frå Kortemyra følger du stien vidare, følg skilting til Dunderhoff. No skal du følge merka løype over til Turnhytta på svak sti. Av og til er det vertskap på Turnhytta, sjå om flagget er heist. Då er du velkomen inn. Du kan også låne utedoen om du har behov. Frå Turnhytta går stien vidare opp til Dinglavatnet.

Du kan sjølvsagt ta same rute tilbake til start, men i denne turomtalen følger vi Dinglavatnvegen ned att til første sving (ca. 1 km). Her tek du til venstre og følger stien som er merka til Heltnelihuken. Du passerer ei hytte og kjem etter kvart ned til ein skogsveg. Du skal ikkje inn på skogsvegen, men følge Rasmusråsa langs venstre side av elva, heilt til du kjem ned til høgdebassenget. Her er det sperringar, så ta til høgre over elva. Følg den eldre skogsvegen og ta til venstre og tilbake til start når du kjem ned på Panoramavegen.

Ruta er merka med raude merkepinnar i trea og staur. Der det er god rås, er det sporadisk merka. Ruta er også skilta.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum med bil: Følg E39 retning Stryn. I rundkøyringa ved høgskulen tek du av mot Vikebygda. Følg Vikebygdvegen knapt 1 km. Så opp Bakkelidvegen, Hjellbakkane og Bjørnevegen heilt til du kjem til Bergsvegen. Ta av opp til venstre og følg grusvegen opp til P-plassen før avsperringa. Du kan gjerne gå eller sykle til start. Det er mange mulige ruter. Volda vassverk bygger nytt høgdebasseng. Dette er årsaka til at område ved start er avsperra.
Fottur
Blå
Lengde
5,30 km rundtur
Stigning
332 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
540 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 2,3

Offentleg transport

Buss frå Volda sentrum mot Bratteberg: https://frammr.no/. Gå t.d. av ved busstopp ved Bratteberg skule og følg gangveg som går rett opp herifrå. Følg denne til endes og så opp Bergsvegen.

Anna

Heltnelihuken er bygd av Volda Rotary i 2014 og er eit populært turmål. På Kortemyra vart det tatt spadd torv i tidlegare tider. Namnet kjem av at myra er både lita og kort. (sjå bilete med meir info). Namnet Dunderhoff lurer du sikkert på kva kjem frå. Du kan lese om det på eit av bileta. Turnhytta er Volda turn- og idrottslag (VTI) si lagshytte. I 2015 feira hytta 100-år!

Kart

Nærturkart for Volda (til salgs hos Intersport og Norli i Volda)
Køyreskildring
Print ut