Idylliske Botnastølen (Stavdalsstølen) ligg på høgre sida av elva Stavåna. På andre sida av elva ligg Jasvollstølen. Ei bru vert sett på plass (like nedanfor stølane) etter at dei verste vårflaumane er unnagjort. Ved låg vassføring er det også mulig å krysse elva utan å nytte brua. Ein kan også velge å fortsette vidare innover i vakre Jasvollbotn.
Til venstre for fylkesvegen startar turen på gruslagt skogsveg. Etter omlag 1,2 km tar du av til venstre på godt merka rås. Etter om lag 2 km er du framme på stølen. Turkassa er plassert på gapahuken på Botnastølen (Stavdalsstølen).
Frå Fv 650 på Mo, tar du av mot Overøye. Køyr om lag 3 km, forbi Stavdal og parker på høgre side av vegen for startpunkt.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1,2 |
Sti | 3 |