English

Botnasætra-Skarphornet-Høgedalen

Volda

Kort om turen

Turomtalen startar på Botnasætra. Går du vidare frå Botnasætra, til Skarphornet og ned Høgedalen, får du ein flott rundtur i eit roleg og variert turområde. Frå Botnasætra går du på ein rygg med utsikt mot m.a. Volda sentrum. Seinare kjem du inn i ein fin furuskog, og når du kjem ned att til Rotevatnet kan du ta deg eit bad om du vil.

Ruteskildring

Ved Botnasætra er det eit utsiktspunkt og eit steinbord der tukassa er. Når du står med ryggen mot Volda, tek du sti til høgre rett før turkassa. Sjå etter merke. Følg stien i 3-400 m (retning mot Rotevassætra). Følg så ryggen/heida sørover, d.v.s. gå opp til høgre når du står med ryggen mot Volda sentrum. Det er ingen sti, men her er merka med merkestaur. Det er eit litt myrlendt område, så det kan vere litt tungt oppover her, men gir ein seg tid går det fint. Oppe på ryggen finn du sti og det er lett å gå vidare. Skarphornet er den siste toppen du kjem til. Flott å ta ei pause her og nyte utsikta. Herifrå går du i terrenget vestover i retning Volda sentrum, mot eit lite vatn, Vardevatnet. Der det er ei lita hytte. Bak hytta følger du sti og skråar litt til høgre. Du vil då finne ein tydeleg sti, i alle fall det meste av turen. Der stien går ned til Høgedalen, ligg det ei gamal furu. Herifrå og ned att til Høgedalen er stien tydeleg. Du kjem etterkvart ned på ein skogsveg. Følg denne ned til Rotevatnet. Ruta er merka med merkestaur og raude pinnar i trea.

Tilkomst og parkering

Sjå morotur Botnasætra: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Botnasetra Du er velkomen til å parkere på marka der vegen tek av opp mellom golfbanene.
Fottur
Blå
Lengde
5,82 km en vei
Stigning
633 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Høyeste punkt
693 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,5

Offentleg transport

Nei

Anna

Turen frå Rotevatnet og opp til Botnasætra er på omlag 2,5 km og med stigning på 395 m. Total lengde på tur frå Rotevatnet via Botnasætra, Skarphornet og ned att via Høgedalen er altså omlag 8,5 km og med total stigning på omlag 670 m

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut