English

Borgundkollen frå Blindheim

Sykkylven

Kort om turen

Lett tilgjengeleg tur frå Sykkylven. Variert og fin tur med flott utsyn frå toppen. Turen går delvis på skogsveg og på god sti. Ein passerer Gimsdalssætra der det er ein gapahuk som alle kan nytte. Dette er eit fint turmål i seg sjølv, men kan også vere ein fin stopp på turen. Det er fleire ruter til Borgundkollen, her er turen frå Blindheimsida omtala. Den vanlegaste ruta er nok å gå frå bommen i Vikedalen og ein del går også frå Grebstadsætra Om du vil kan du gå ned att vegen frå Gimsdalen til Vikedalen, men dette er eit stykke

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen følger du skogsvegen som går mot aust. Du passerer ei hytte (Skålholten) og litt lenger oppe kan du velje om du vil gå sti gjennom skogen eller følge vegen rundt. Går du stien, passerer du murrestar. Gå forbi og rett opp til du kjem opp til vegen. Stien er litt utydeleg her. Følg så skogsvegen og etterkvart sti til du kjem til eit stiskilje (N62° 21.337' E6° 38.910'). Her skal du gå til venstre og like etter går du ned ein liten bakke og over ei bru. Du kjem snart inn på vegen som kjem frå Vikedalen. Her kan du skrive deg inn i turboka. Vidare kan du følge vegen rett fram eller gå veg/sti mellom hyttene og så er du oppe på Gimsdalssætra. Her oppe er det ein gapahuk som du kan nytte om du vil (N62° 21.474' E6° 38.762'). Det er flott utsyn ned mot Sykkylven. Vidare går stien ovanfor ei hytte over litt myrlendt område og så eit stykke gjennom fjellbjørkeskog. I starten kan det vere litt vått, men stien er god og tydeleg heilt til topps. Like før toppen deler stien seg,;begge fører til topps. Frå toppen er det flott utsyn ikkje minst utover mot sunnmørsøyane.

Adkomst og parkering

Ta av frå FV60 ved ein Statoilstasjon og kjør innover/austover Kyrkjevegen til du kjem til ein ny bensinstasjon (Hydro). Køyr opp Blindheimsvegen og vidare på Skålholtvegen (grusveg) omlag 4 km. Her er det plass til å parkere. Skålholtvegen er bomveg. Bompengar kr.20 (2014) Det er bra med parkeringsplass der turen startar.
Fottur
Blå
Lengde
7,8 km tur/retur
Stigning
601 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 4,1

Offentlig transport

Det går fint å gå eller sykle til start

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turbeskrivelse

Borgundkollen - Lene sin! (blogg)
Kjørebeskrivelse
Print ut