Flott padletur
Start turen frå badestrand. Turen kan ein ta begge retningar, men dersom ein startar mot Bolsøybrua (østover) kjem ein etter kort tid til kulturminnent "Bolsøens stenbrud". Like etter kjem ein til Bolsøybrua, kor det kan vere sterk straum. Deretter er det berre å følge fjøra langs Bolsøya til Turhusneset. Sett så kursen Mauringan (holmar) og Storvikbukta. (dersom du vil ha ein litt kortare tur kan du padle inn til Draget, kor du kan ta kajakken på land). Følg Fårøya til Fårøytangen kor du rundar øya og set kursen tilbake til utgangspunktet. Gode moglegheiter for bading både ved start/stopp og undervegs.