English

Bolleberget

Ålesund

Kort om turen

Ein fin tur i ope terreng med god utsikt både mot Vaksvikfjellet med Skorkjene og innover mot fjella i Stordalen og Sunnmørsalpane.

Ruteskildring

Gå grusvegen opp til Visetsetra. Følg skilta og merka rås forbi selet rett framfor deg og vidare opp ein gamal skogsveg som går over i sti gjennom bjørk- og spredt furuskog. Etterkvart kjem vi opp til ei myr. Hald til venstre på stien her langs kanten av myra før du går tvers over myra etter merkepinnar og klopper. Her er det merka sti opp mot høgre langs ryggen av fjellet. Følg merka opp gjennom skogen. Det er hjortespor på kryss og tvers så pass på merkinga. Fin bjørkaskog mot slutten opp til eit flatare område. Her er det flott utsikt og godt med litt kvile etter motbakkane. No ligg fjellet bratt framfor deg. Råsa går til høgre og det er litt sidebratt eit kort stykke fram mot skaret og mastene. Pass opp her viss snøen ligg enda. Når du når ryggen, dreier råsa skarpt til venstre og du følgjer denne opp til toppområdet. Herifrå flatar det ut og du ser snart den fine toppvarden på Bolleberget.

Tilkomst og parkering

Ta av til venstre frå R 650 rett etter den krappe svingen over elva i Vaksvika. Følg vegen innover til du passerer eit stort fjøs på venstre hand. Her møter du bomveg med avgift. Køyr vidare til Visetsetra. Her er det nokre parkeringsplassar der vegen tek av opp mot setra. Parker her og gå opp. Visetsetra
Fottur
Blå
Stigning
380 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
601 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,6

Offentleg transport

Nei

Anna

Ver obs på snøforholda tidleg om våren i det sidebratte området før ryggen opp mot toppartiet.

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut