English

Børevatnet rundt -Rundtur 1

Vanylven

Kort om turen

Det er flott utsikt frå toppen. Frå Storhavet i vest til Sunnmørsalpane i aust.Fin utfordring i varierande terreng.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen ved demninga på nordsida av Børevatnet. Dette er ein rundtur, og du kan gå begge vegar. Start mot vest. Du kryssar demninga og fyl den gamle anleggsvegen i ca. 1.4 km. Ta av til venstre frå vegen, og fyl blåmerka løype. Det står skilt med "Rundtur 1" som viser kvar stien startar. Du går på sti/natur og kjem til Støylsvatnet. Her startar oppstiginga, og det kan vere lurt å fylle vassflaska her. God sti i starten. Så kjem du til det brattaste partiet på turen. Lyng, gras og steinur. Her må du kanskje bruke hendene til støtte nokre stader. Bratt stigning 2-300 m før det flatar ut mot toppen. Frå toppen fyl du god sti ned Kvannskaret til Kvanndalsvatnet. Stien passerer Trollryggen før du kjem til den øvre parkeringsplassen ved Børevatnet. Du fyl berre vegen ned til startpunktet.Start mot aust: Pass på nedstiginga frå toppen til Støylsvatnet. Graspartia kan vere glatte.

Tilkomst og parkering

Bomveg frå Sørbrandal. Pris 40kr Turen startar frå parkeringsplassen ved demninga på nordsida av Børevatnet. Parkering ved enden av Børevatnet eller ovanfor Børevatnet. (Øvre parkering)
Fottur
Blå
Lengde
10 km rundtur
Stigning
543 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,5

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut