English

Bølia

Surnadal

Kort om turen

Toppen av Bølia ligg 703 moh. og byr på ein storslått utsikt i alle himmelretningar. Turen opp lia er bratt, men du kjem ganske fort opp til fine utsiktspunkt, noko som gir ei kjensle av at du stig ganske raskt. Du følgjer for det meste skogsveg og tørr, fin sti. Vi anbefaler å gå siste del av turen som ein rundtur om utkikspunktet Bøvardane.

Ruteskildring

Du startar frå parkeringsplassen på høgre side av vegen ved Orahaugen. Her finn du også informasjonstavler for turar i området. Gå oppover skogsvegen som startar på øversida av vegen. Denne følgjer du til den begynner å flate ut oppi lia. Der tek du inn på ein sti på øversida av vegen. Herifrå følgjer du stien oppover mot toppen av Bølia.

Tilkomst og parkering

Frå Settemsdalen køyrer du ned mot Bøfjorden. I krysset på Settem svingar du mot venstre og køyrer vidare over Bøbrua til Bølandet. Når vegen kjem ned til sjøen og du har passert Samvirkelaget på høgre side, svingar du til venstre inn på Bøkleppvegen og fortsett utover til du kjem til Orahaugen. Her er det ein stor parkeringsplass på høgre side der du kan parkere. Gratis parkering
Fottur
Rød
Lengde
3,57 km en vei
Stigning
639 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
697 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Offentleg transport

Nei

Kart

Fjordruta, Friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut