English

Blæjeegga – luftig tur langs egg og rygg – Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja – Blæja – Myrkevasstinden - Kvanndalen

Vanylven

Kort om turen

Denne ruta går gjennom det mektigaste fjellområdet i Vanylven, og kan på mange måtar karakteriserast som den lokale utgåva av Besseggen. Store delar av turen går på rygg og egg, og med flott utsikt over alt frå havet i vest til Sunnmørsalpane i aust. Heile ruta er merka, og det er skilta ved start i begge endane. Området ruta går gjennom er alpint med djupe og smale dalar, smale egger og bratte fjellsider. Frå platået på toppen av Blæja 1142 m.o.h. går det bratt ned på alle sider med unntak av mot sør. Ruta går på 2 av 4 parti med rygg og egg som går ut i stjerneform frå Blæja. Mellom Lisjeblæja og Blæja er det jamt over egg, medan det er meir rygg når ein går frå toppen og austover mot Myrkevasstinden.

Ruteskildring

Delar av ruta frå Lisjerøfsdalen til Kvanndalen følgjer same trase som andre ruter. For meir info om Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Lisjeblaeja-1032-m.o.h.-Rute-52 og frå Kvanndalen til Myrkevasstinden sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Myrkevasstinden-rute-49-C-fraa-Kvanndalen-til-Myrkevasstinden Det mest krevjande terrenget på ruta er oppstigninga til og nedstigninga frå Blæja. I dette området er det bratte parti med nokre meter relativt enkel klyving. For dei som ynskjer ei slakare og lettare rute frå toppen av Blæja til Blæjeskaret kan ein gå den ruta som er markert i turkartet På tur i Vanylven. Ruta frå turkartet er slakare og lettare å gå, men vanlegvis ligg det snø ei god stund utover sommaren i det området der ruta frå turkartet går. Den lettaste og tryggaste ruta opp til Blæja er frå Dansen seter i Dalsfjorden i Volda kommune. Det går ein svært bratt bilveg frå Åmelfoten i Steinsvika opp til Dansen seter. For meir info om denne ruta sjå Fotturar på Sunnmøre, Iriss forlag, 4. utgåve side 127. http://iriss.no/web/PageND.aspx?id=12

Tilkomst og parkering

Ein kan starte enten frå Lisjerøfsdalen eller Kvanndalen. Delar av ruta følgjer same trase som andre ruter. For meir info om Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Lisjeblaeja-1032-m.o.h.-Rute-52 og frå Kvanndalen til Myrkevasstinden sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Myrkevasstinden-rute-49-C-fraa-Kvanndalen-til-Myrkevasstinden Det går greitt å parkere ved enden av vegen både i Lisjerøfsdalen og Kvanndalen. Vegen til Lisjerøfsdalen er boveg med kr 30,- i bompengar.
Fottur
Svart
Lengde
10,36 km en vei
Stigning
1166 m
Tidsbruk
6 t.
Høyeste punkt
1129 moh

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 16

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps - 30 kroner
Køyreskildring
Print ut