English

Blåskjerdingen

Vestnes

Kort om turen

Blåskjerdingen er ein fjelltopp på grensa mellom kommunane Haram og Vestnes. Eit skar deler toppen i to, i nord ein smal topp på 1069 moh og i sør eit langstrakt platå på 1062 moh. Fjellet ligg nært havet og er berre omgjeve av lågare fjell. Dette gjev ei fantastisk utsikt frå toppen. Utsikta både mot Romsdalen, Nordmøre og Sunnmøre er formidabel!

Ruteskildring

Start frå Reset og gå til venstre for den markerte kanten av Lilleskjerdingen. Rund Lilleskjerdingen og følg høgre side av dalbotnen innover. Stig så opp til eit platå og hald til høgre mot synleg bekkedal. Følg denne oppover og følg ryggen som leiar opp mot toppryggen til Blåskjerdingen. Følg så ryggen til det store, flate toppartiet. Retur same veg. Ver obs på skavl på toppen.

Tilkomst og parkering

Frå nord: kjør til Fiksdal og ta av mot Vatne. Hald fram i 7 km til du når det høgste punktet på vegen, Reset, parker på parkeringsplass på venstre side. Frå Sør: ta av på Vatne og følg fylkesveg 147 til Reset. Parkering på stor parkeringsplass ved fylkesvegen.
Skitur
Blå Topptur
Lengde
4,69 km en vei
Stigning
752 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Høyeste punkt
1053 moh

Løype på kart

Kart

Turkart Ørskogfjellet eller Kartserie 711 Kartblad 1220 II Vestnes
Køyreskildring
Print ut