English

Blåhornet

Fjord

Kort om turen

Turen til Blåhornet i Eidsdal er eit lett topptur som gjev ei makelaus utsikt utan alt for mykje slit. Det er godt merka rås (sti) heile vegen, og turen høver godt både for små born og for eldre.  Mange vel å gå dette som ein rundtur via Kilstisætra på veg opp eller ned. Råsa går like framom båtstøa ved Kilstivatnet. 

Ruteskildring

Turen startar på Gjerdeneset, ein parkeringsplass like før gardane på Kilsti. På P-plassen er det informasjonstavle med oversyn over turar i område, kva vanskegrad dei har, samt noko informasjon om området. Turråsa er godt skilta her i frå. Råsa går fyrst oppover eit myrdrag. Bratt stigning eit par hundre meter før du følgjer høgda til ei bru over elva. Her kryssar du over og går opp til Kilstivatnet. Du går over ein liten kolle og kjem til båtstøa. Vidare knapt 200 meter før råsa deler seg og du svingar mot høgre (nord) over eit myrparti som tidvis kan vere vått og gjørmete. Du kjem inn på ein gammal kjerreveg og følgjer denne oppover mot toppen av Blåhornet. Vegen går over til rås på ei litt større, flat myr. Mellom to små kollar er det skilta til venstre (nordvest) mot toppen av Blåhornet. Det siste stykket er noko brattare før du når toppen. Vil du ha ein rundtur, kan du følgje merkt rås nedatt til Kilstisetra og langs Kilstivatnet attende til båtstøa og Gjerdeneset.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du mot Geiranger. Etter kring 6 km tek du av mot Rønneberg og Kilsti. Kring 5 km å køyre langs kommunevegen før du kjem til P-plassen på Gjerdeneset. Her er godt utsyn nedatt mot Norddalsfjorden og sentrum i Eidsdal. Startpunkt for alle turar i Kilstimarkene. NB: Om du er dårleg til beins, eller har barnevogn, kan du gå opp til Kilstivatnet via grusvegen som går gjennom det fyrste gardstunet på Kilsti. For å skjerme grunneigarane for mest mogleg trafikk gjennom tun
Fottur
Blå
Stigning
273 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
729 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Lite av offentleg transport. Skulebuss i skuleåret.

Kart

Turkart Norddal kommune, Turkart Stranda kommune, Turkart Tafjordfjella
Køyreskildring
Print ut