English

Blåfjellet, Vaksvika

Ålesund

Kort om turen

Ein middels lang tur for det meste på god rås, høgdeskilnad 400 til 741 moh. Du går over myrar og mellom område med fjellbjørkeskog, før du til slutt når toppen som har flott utsikt over heile Vaksvikfjellet. Snøfritt frå byrjinga av juni. Blåfjellet er ein avrunda “topp” med gras og berg og er eit fint turmål både sommar og vinter. 

Ruteskildring

Turen følgjer i starten same stien som turane til Grytavatnet og Lauparen. Du skal krysse den første elva du møter og følgje stien vidare på sørsida av elva. Når du etterkvart kjem opp nokre bakkar, flatar det ut og du får auge på ei lita furu ved elva. Her er det skilta til Blåfjellet. Ta av til venstre over elva og hald fram mot nordaust langs eit lite elvefar i retning Kvitnyken og Sunnmørslauparen. Følg merka sti, den bør du følgje til du ser Heivatna i nord og toppen på Blåfjellet i nordvest. Det er lurt å gå så langt i denne retninga at du ser at det er opne områder i fjellbjørkeskogen i den retninga du skal opp. Gjer du det, vil du finne grei sti heilt til toppen av Blåfjellet. Stien har merkepinnar som viser veg.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss. Herifrå er det bomveg fram til Grytalisætra. Her er det parkeringsplass. Parkering på Grytalisætra.
Fottur
Blå
Lengde
2,93 km en vei
Stigning
331 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
720 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut