Denne turen går i flott og åpent høgfjellsterreng. På toppen kjem du til Blånebu, ei åpen og svært spesiell hytte som du aldri har sett maken til. God og variert utsikt under heile turen. Frå toppen av Blåfjellet kan du fortsette nordover ryggen til Åbittind (1396 )
Frå parkerinsplassen (610 moh) følgjer du bortover dei flate viddene og passerer Kvendsetvatnet på vestsida. (litt myr her og der). Etter 2 km starter du på ei svak stigning i lyngterreng som du følgjer heilt opp til Sandvikskaret. (840 moh). Derifrå blir det enda litt brattare. Her følgjer du steinura heilt til topps. Hald stort sett ryggen mot nord. Etter 350 høgdemeter er du på toppen. Og den fantastiske steinhytta Blånebu. Her fortjener du ein god matpause. Hytta er åpen for alle.
Blåfjellet, Meisalfjellet/Bugge – 1192 moh. Frå Eidsvåg følgjer du fylkesvei 62 mot Sunndalsøra. Etter noen kilometer tar du av på Tiltereidet der det er skilta til Meisal og Brandhol transformatorstasjon. Ved denne stasjonen starter bomvegen opp til Meisalvatnet (bomavgift kr 50,-). Du følgjer vegen nesten heilt til enden og hovedparkeringsplassen. Her er det skilta til "Blåfjellet" . Stien er delvis merka heile vegen, stikker og malte punkt.