Denne turen er lett å gå for alle, og ein kjem fram til eit rikt kulturminneområde. Under andre verdskrig var området brukt som kystfort, og ein finn difor bunkarar og skyttargangar i området. Fjøreområdet rundt kystfortet er også svært flott, og ein har utsikt til øyane.
Turen går langs traktorveg fram til området med bunkarane. Når ein er komen ut til kystbatteriet er det mange stiar å følge for vidare utforsking av området. Pass godt på barna, det er ikkje alle bunkrane og skyttargangane som er sikra! Det er også bandtvang grunna beitedyr. Det går fint an å trille denne turen, men dei siste 100 metrane går langs sti som kan vere vanskeleg med vogn.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,1 |