Fin tur på fint underlag, som gjev god utsikt i høve til talet på høgdemeter!På turen kan ein raste ved Vikvatnet, som har bålplass, bord og benkar og ei flytebrygge. På sommaren er det fine vannliljer å sjå i vatnet.
Ruteskildring
Turen går langs grusveg frå start til slutt. Hald rett fram forbi Vikvatnet, opp ein slak motbakke, og du passerer Bergviksetra på venstre hand. Like etter hallar vegen nedover igjen og du ser stikk-ut! skiltet. Ta av til høgre ved skiltet, passer bom og hald fram på vegen heilt til toppen. Retur same veg. Det er også mogleg å sykle heile eller delar av turen, eller betale bompassering og køyre innover til området Bergviksetra-Skålsetra.
Mange alternative tur-ruter i området.
Tilkomst og parkering
Kjør RV 64 til Romsdals videregående skole avdeling Nesjestranda.Ta av ved Stikk ut! skilt og følg grusvei oppover. Parker på turparkeringa ved bompengebetalinga til Skålseterveien.
Parker på turparkeringa ved bompengebetalinga til Skålseterveien.
Fottur
Grønn
Lengde
10 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Løype på kart
Offentleg transport
Ein kan ta buss til Nesjestranda og gå frå hovudvegen og opp.
Sjekk http://www.frammr.no for rutetider.