English

Bjørke - Vikefjellet

Volda

Kort om turen

På denne turen får ein sjå Bjørke og indre del av Storfjorden / Hjørundfjorden frå ei litt anna retning enn det som er mest vanleg. Utruleg fin utsikt.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen til ungdomshuset Haukly, der det er god plass til parkering. Første går ein litt bratt til ein kjem opp på Haukåsen, som er eit flott utsiktspunkt mot Bjørke. Her er det vel verdt å stoppe opp for å nyte utsikta og og kanske ta nokre bilete. Vidare flatar råsa ut litt og ein går på oppsida av Saursvatnet. Etter kvart vert det litt brattare att før ein svingar mot nord og går litt slakkare mot Vikefjellet. Når ei kjem opp på Vikefjellet ( 506 m.o.h ) kan ein på nytt nyte utsikta mot Bjørke, Finnes, Kalnes og utover fjorden og mot dei stolte fjelltoppane rundt. Frå Vikefjellet kan ein returnere same vegen tilbake til Haukly, eller ein kan fortsette enten nedatt på merka sti mot Sætre og gå på grusvegen frå Sætre tilbake til Haukly eller fortsette vidare oppover på merka sti mot Oddekloven ( 972 m.o.h ). Desse turane kan ein lese meir om andre plassar på morotur.no.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved ungdomshuset Haukly på Bjørke. Dersom du kjem på E39 kan du ta av i krysset på Kalvatn mot Bjørke på FV 41 og køyre ca. 10 km. Rett etter stadnamnskiltet BJØRKE kjem du til eit vegkryss, og her tek du av til venste før du køyrer over Bruasletta Bru. Rett etter brua svingar du til venstre mot Haukly. Dersom ein kjem sjøvegen kan ein gå ca 1 km frå sjøen og fram til Haukly. Gode plass for parkering ved ungdomshuset Haukly, der turen startar.

Fottur
Blå
Lengde
1,8 km en vei
Stigning
478 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
502 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,8
Køyreskildring
Print ut