English

Bjøråskaret

Surnadal

Kort om turen

Målet for denne turen er vakre Bjøråskaret, 1178 meter over havet, på grensa mot Innerdalen og Sunndal kommune. Høgdepunktet på turen er når du kjem opp i toppen av skaret, og fjellheimen med blant anna Innerdalstårnet, Trolla og Skarfjellet stig opp i synsfeltet.

NB! Postkassen står på ein fleire meter høg stein eit stykke nede i skaret. 

Ruteskildring

Følg godt merka sti i retning Bjøråskaret og Innerdalen. Det er ganske jamn stigning heile vegen, og ein merkar derfor ikkje så godt høgdemetrane ein forserer. Denne turen manglar altså dei stupbratte bakkane ein gjerne møter på toppturar. Turen går i storslagen natur. Mellom anna er det ei oppleving å gå opp skaret langsmed det mektige Skjerdingfjellet. Oppe på toppen av Bjøråskaret, 1178 meter over havet, ventar ein storslagen utsikt over Innerdals- og Sunndalsfjella. Den som framleis ikkje er førnøgd med dagen, kan gjerne forlenge turen opp til toppen av Skjerdingfjellet eller Snøfjellet.

Tilkomst og parkering

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca. 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare i ca. 3,7 km. Der er startpunktet for stien skilta på høgre side av vegen. Parkeringsplass finn du på venstre side ca. 100 meter etter at du passerer skilta.
Fottur
Rød
Lengde
7,75 km en vei
Stigning
943 m
Tidsbruk
6 t. 15 mi
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Val for kartet:

Offentleg transport

Nei

Anna

Sidan dette turmålet ligg såpass høgt, må ein vanlegvis vente til rundt sankthans før den reine fottursesongen hit startar. Turen er likevel veldig populær som kombitur tidlegare på våren og sommaren. Da går ein det første stykket og tek skia på det siste. Etter snørike vintrar kan ein måtte gå på snø det siste stykket seinare på sommaren også, men da har snøen oftast festa seg og er fin å gå på.

Kart

Turkart over Trollheimen
Køyreskildring
Print ut