Bøkeskogen med sine nydelege fargar om hausten er åleine verd turen. Fuglesangen om våren likeså. Å oppleve stilla og roa i skogen med berre sus i trekronene når det bles andre stadar. Kanskje dukkar eit rådyr eller to opp på stien rett ved. I gapahuken er det bord og benkar for kvile og/eller prat med kjenningar. Kvilebenkar og flott utsyn frå Berghaugen. Startsted/sluttsted kan også vere Aukra ferjekai.
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter på parkeringsplass ved Aukra kyrkje. Parker ved kyrkja eller Aukrahallen. Følg grusa sti opp til skogen, fortsett rett fram til høgste punktet. Der deler stien seg. Til venstre er gapahuken. Stien rett fram går til Berghaugane med utsiktspunkt ut mot naboøyane. I skogen er det mange stiar, prøv dei! Turen er egna også for sykkel, barnevogn og rullestol. Turen er ca. 1,2 km. Frå Berghaugen kan ein fortsette turen rundt Halingshaugen. Dette er ei fin rundløype på ca. 2,5 km.