English

Auskjeret

Fjord

Kort om turen

Tur til toppen over skitrekket i Stordal. Her ser ein Langsæter-området frå ein litt anna vinkel. Det er også utsikt til omliggande fjell, som t.d. Lauparen.

Ruteskildring

Ein startar opp traseen til skitrekket, Arena Overøye. Her kan ein følge ein anleggsveg til toppen av trekket. Her er det eit stykke gjennom lyng, og ingen spesiell rås. Om ein ønsker det, kan ein svinge innom Øravatnet. Det er her skianlegget tek vatn til kunstsnøproduksjon om vinteren. Før toppen er det steinete terreng. Sjølv om det ikkje er ein utprega topp, heiter det Sandfjellet. Ein må passe på å ikkje gå for langt aust i det øverste partiet, her stuper fjellet bratt ned. Sjølve toppen av Auskjeret er flat og langstrakt, og her er vardar og turbok.Ein ser ned mot Langsætrane, Jøsvollbotn og Seljebotn. Dei flotte nabofjella ligg på rad og rekke mot nord; Kollen, Ørastolen (Stolen), Rolvsbotnskorkja og den tydelege profilen av Lauparen. Ei alternativ rute er frå Almås. Parkering ved den gamle skulen. Der er det skogsveg opp til Almåssætra, og ei rås opp mot steinura.

Tilkomst og parkering

Ta av mot Overøye ved Mo, ca ei mil fram i Stordal. Her køyrer ein ca 9 km til parkeringa ved skitrekket. Parkering ved skitrekket på Overøye, kr. 50,- (automat).
Fottur
Blå
Lengde
6 km tur/retur
Stigning
940 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Det er ikkje offentleg transport til Overøye

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut