English

Auskjeret

Fjord

Kort om turen

Frå Auskjeret har du eit flott utsyn mot fjell og fjordar. Du ser godt i retning Vestnes og Romsdalsfjorden. Eit senterfjell. Passerer kulturminne/sæter ved eine vegvalet.

Rutebeskrivelse

Grøn løype på bilde:Du kan ta T-trekket ved Stordal Alpinsenter opp til endestasjonen 800 m.o.h.(32 V 406492 6921050). Derifrå går du rundt 200m i nordvestleg retning, og vidare rundt 400m mot sørvest. Derifrå er retninga vest mot Sandfjellet 1220 m.o.h (32 V 405205 6920821). Derifrå til toppen av Auskjeret 1340 m.o.h (32 V 405226 6921467 )er retninga nord. Særleg første stykket av denne oppstiginga er bratt. Det vil oftast lønne seg å gå med fellar. Dersom du ikkje ønskjer å gå så bratt, kan du gå frå endestasjonen i sørvestleg retning under Sandfjellet mot Storsteinen 880 m.o.h. (32 V 405237 6920069). 200-300 m før du kjem dit, kan du svinge til nordvestleg retning mot Sandfjellet og vidare til toppen av Auskjeret. Auskjeret har ingen godt markert topp. Går du for langt til høgre, er faren hengeskavlar. Til venstre blir det fort bratt nedover mot Jøsvollbotnen. Raud løype på bilde:Eit flott alternativt er å gå frå Almås (gamleskulen) opp gjennom hyttefeltet til Almåssætra. Vidare nordvest mot Storsteinen. Her kjem ein inn på samme trasé som nemt tidlegare.

Adkomst og parkering

Turen startar ved Overøye eller ved Almås i Stordal. Almås skule eller Overøye. Parkeringsavgift på Overøye, kr. 50,- (automat).
Skitur
Blå
Lengde
2,19 km en vei
Stigning
557 m
Tidsbruk
1 t. 55 mi
Sesong
Vinter, Vår

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut