English

Aurstadsætra frå Årset

Volda

Kort om turen

Fin variert tur til Aurstadsætra. Du går gjennom furuskog og blåbærmark store delar av turen.

Ruteskildring

Start frå gamle Årset skule. Det er skilta mot Aurstad- og Årsetsætra og med Stikk UT! -skilt. Du går først på sti gjennom skogen. Så kjem du inn på ein attgrodd skogsveg. Etter ca 400 m (N62° 05.234' E6° 15.611') skal du ta av på sti opp til venstre. Sjå etter skilt. Stien er tydeleg opp gjennom skogen. Nokså bratt, men nokre slakare parti innimellom. Like før Lisjesætra er det eit stidele. Dersom du går via Lisjesætra, går stien derifrå på høgre side av murane og gjennom skogen. Hald rett austover til du kjem til den andre stien. I denne turomtalen er begge turvala logga.Tek du snarvegen, er det nokre våte parti og litt utydeleg sti før du igjen kjem inn på god sti. Følg stien vidare. Du kjem til stidele Aurstad-/Årsetsætra i 400 meters høgde. Følg skilting mot Aurstadsætra. Det er nokså flatt herifrå vidare til du møter stien frå Aurstad som du skal følge vidare til Aurstadsætra. Stien frå stidele Aurstad-/Årsetsætra er tydeleg i starten. Når du kjem til ei slette/myrområde, vert stien meir eller mindre utydeleg vidare. Stien går skrått opp til venstre når du kjem til sletta/myrområdet (sjå bilete). Vidare går den over ein del myrlendte område og etterkvart over ei bru. Når du møter stien frå Aurstad (N62° 05.635' E6° 17.004'), følger du denne vidare. Denne stien er tydeleg. Du kjem opp på ei høgde der du ser bort mot Aurstadsætra. Ta svakt til høgre. Sjå etter små vardar som markerer kvar du skal gå. Då finn du stien bort til sætra. Ved stor vassføring/snøsmelting kan det vere nokså vått siste biten bort til sætra.

Tilkomst og parkering

Frå Volda på E39 retning mot Stryn: Like før Årsettunnelen tek du av til Årset. Følg vegen til du kjem til skilt Nye gamleskulvegen. Like etter at du har tatt av her ser du gamle Årset skule. Her startar turen. God plass til parkering ved gamle Årset skule.
Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
425 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,4

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Stryn til der du tek av til Årset http://frammr.no/

Anna

Om du vil, kan du gå opp frå Årset og ned att til Aurstad. Det er ca 2 km tilbake til Årset.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut