English

Aursnesvatnet rundt

Ulstein

Kort om turen

Turen passar godt for småbarnsfamiliar, og er elles ein tur dei aller fleste kan klare utan erfaring. Ruta byr på vakker utsikt mot Leikong og innover mot Eiksund. Ein kan også møte på villsauer i området. Langs fjøra er det også ei rekkje fine plassar ein kan ta av frå stien og gå til.

Rutebeskrivelse

Turen startar frå grusvegen i svingen ved enden av Aursnesvatnet, ca. 300 meter aust for Håheim på Selvågvegen. Parkeringsplass 50 meter frå svingen. Stien er lett og fin, og går mest nedover til enden av vatnet der det møter sjøen. Herifrå er det noko kupert terreng, men veldig flott sti. Nokre myrlendte områder. Fin utsikt utover sjøen mot Leikong og innover mot Eiksund. Stien kjem så opp ved bebyggelsen på Aursneset, og ein følgjer bilvegen, Selvågvegen, det siste stykket tilbake til utgangspunktet.

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like før Selvågtunnellen tek du av til venstre, køyrer forbi bebyggelsen her mot Aursneset. Eit lite stykke etter du har passert sjølve vatnet, kjem du til ein liten parkeringsplass på venstre side av vegen, med plass til nokre bilar. Stien startar nokre meter lenger framme, på venstre side av ein krapp høgresving. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653)
Fottur
Grønn
Lengde
3,25 km rundtur
Stigning
59 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Grus 1,3
Sti 1,9

Offentlig transport

Buss til Eiksund, gå av ved Selvåg. Bussruter mellom Volda/Ørsta og Ulsteinvik/Hareid/Fosnavåg: http://www.frammr.no/
Kjørebeskrivelse
Print ut