English

Aukraskogen - Horremsleira

Aukra

Kort om turen

Dette er ein lett og fin sykkeltur på Gossen som passar for heile familien. Aukraskogen har verdas nordlegaste bøkeskog. Skogsområdet har mange fine turstiar. Langs turstiane er det fleire informasjonstavler om planter og dyr. Midt i skogen har Aukraskogens venner bygd ein gapahuk, så her passer det fint å sette frå seg sykkelen, og nyte matpakken.Horremsleira er ei av Aukra kommune sine mest populære badestrender. Flott område med både turveg og bilveg heilt fram. Gapahuken og toalettanlegget er ope for alle besøkande. Stranda på Horremsleira er langgrunn og barnevennleg. Frå Horremsleira går det tursti langs Bakkeelva opp til Horrem kvernhus. Både startsted og sluttsted kan vere Aukra ferjekai. Turen blir da ei fin rundløype. Alternativt kan ein fortsette turen frå Horremsleira til Småge ferjekai for sykkelturar vidare i Øyriket i Romsdal.

Ruteskildring

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter på Aukra ferjekai. Følg gang- og sykkelveg opp til Aukra kyrkje. Ved Aukra kyrkje og Aukrahallen, tek du av til venstre og følger grusa sti opp til skogen, fortsett rett fram på turstien til høgste punktet. På det høgste punktet deler stien seg. Til venstre er gapahuken. Stien rett fram går til Berghaugen med utsiktspunkt ut mot naboøyane. I skogen er det mange stiar, prøv dei! Frå Berghaugen fortsett du turen rundt Tangen turstiar. Dette er ei fin rundløype på ca. 2,0 km. Følg skiltet mot Breivika, og fortsett sykkelturen ut på Tangevegen. Etter ca. 300 meter kjem du til eit vegkryss. Ta til venstre i vegkrysset, og følg vidare Hjertvikvegen. Du passerer etterkvart naturreservatet Hjertvika på venstre side. Følg hovudvegen rett fram til du kjem til Horrem. Horrem kvernhus er skilta frå hovudvegen. Ta av til venstre og følg turvegen til kvernhuset og vidare ned til Horremsleira. På turen tilbake til Aukra ferjekai kan du følge hovudvegen langs sjøen heile turen. Hold da til høgre og følg da skilt Hjertvikvegen og Tangevegen. Her ser du sjøen heile vegen.Alternativt tek du ein ekstra runde på ein av dei mange stiane i Aukraskogen før du avsluttar på Aukra ferjekai.

Tilkomst og parkering

Turen startar på Aukra ferjekai. Ta ferje frå Hollingsholmen til Aukra (rute 31). Parkeringsplass på Hollingsholmen og på Aukra ferjekai. Ingen parkeringsavgift.
Sykkeltur
Blå landevei
Lengde
12,94 km en vei
Stigning
161 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
43 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 9
Grus 4

Offentleg transport

Buss med Aukra Auto eller Atlantic Auto frå Molde til Hollingsholmen. Ferje Hollingsholmen - Aukra (rute 31) med Fjord 1.

Anna

Det fins minner etter 2.verdenskrig fleire stader. Påskeliljemarka ved kyrkja er freda, og på vårparten (april/mai) blomstrer tusenvis av nydelege påskeliljer her.
Køyreskildring
Print ut