English

Aukraskogen

Aukra

Kort om turen

Bøkeskogen med sine nydelege fargar om hausten er åleine verd turen. Fuglesangen om våren likeså. Å oppleve stilla og roa i skogen med berre sus i trekronene når det bles andre stadar. Kanskje dukkar eit rådyr eller to opp på stien rett ved.I gapahuken er det bord og benkar for kvile og/eller prat med kjenningar. Eit dikt på veggen markerer gjerne årstida. Startsted kan også være ved Aukrahallen

Ruteskildring

Turen går på lett skogbotn eller for det meste grusa sti

Tilkomst og parkering

Turen kan ha mange start og slutt punkt. Tek vi utgangspunkt i Aukra fergekai går vi Hansbrauta rett opp til Øvre skogavegen. Tek til høgre og går fram til bebyggelsen, ei slak stigning opp til venstre og vi er i fint skogsterreng. Vi tek til venstre oppe på kneika og går fram til gapahuken med bord og benkar og Stikkut- kasse. Derifrå er det grusa sti til Berghaugane med benkar og utsiktspunkt. Retur same strekninga til gapahuken og svingar vestover i retning Tangen. Merka sti over marker ned Svennbrauta til hovedvegen vidare attende til fergekaia. Parkering på fergekaia evt. Aukrahallen
Fottur
Grønn

Løype på kart

Val for kartet:

Offentleg transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over http://www.aukra.kommune.no

Anna

Det fins minner etter 2.verdenskrig fleire stader. Påskeliljemarka ved kyrkja på vårparten

Lenke til turskildring

Kortreist med Romsdals Budstikke
Køyreskildring
Print ut