English

Aukra kyststi

Aukra

Kort om turen

Om du vil oppleve kysten og gå på tur nær havet er dette ein fin tur for deg. I starten av stien går ein forbi "Næsja" der båten gjekk over til Rindarøya før moloen kom. Stien snor seg gjennom kystlynghei og etter ei lita stund kjem ein til Sandvika, ei lita perle av ei sandstrand. Her er det nylig fjerna mykje stor sitkagran, så stranda er ikkje til å kjenne att. Frå kyststien er det fin utsikt mot Bjørnsund og Bud. Turen er fin å gå både i ruskever, når båra slår mot land og i finver. På høgsommar kan ein sjå sola gå ned i havet. I området rundt kyststien er det mange gravrøyser. Ein går også forbi ei skytterstilling frå krigen. Kyststien endar ved Komedantholmen. Der står det eit benkebord. Du går same trasè tilbake til start.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved stor parkeringsplass i Årgårdsvika. Følg grusvegen nedover. Når vegen deler seg går du rett fram, ned mot sjøen. Stien svingar mot høgre når du kjem ned. Følg grusa sti til enden, om lag ein km. Det er fleire benkar og benkebord langs vegen.

Adkomst og parkering

Frå fergekaia på Aukra følgjer du hovudvegen rett fram til Falkhytten. Sving til venstre i krysset, følg skilting til Rindarøya. Etter om lag 8 km skal du kjøyre rett fram i ein skarp venstresving. (Hvis du kjem ned mot moloen til Rindarøya, har du kjøyrt for langt) Stor parkeringsplass ved start. Det er ein stor parkeringsplass i Årgårdsvika, om lag 200 meter fra starten av turstien.
Fottur
Grønn
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
8 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Kjørebeskrivelse
Print ut