English

Alskleiva

Hareid

Kort om turen

Dette er ein tur på grusveg der opplevinga først og fremst er eit flott utsyn når ein har gått halvveges og er oppe på toppen av Alskleiva, mot fjorden og Vartdalsfjella i søraust og Snipsøyrvatnet og Hareidsdalen i nord. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom, særleg i den varme sørhellinga. Frå toppen er der turstiar i terrenget til fine fjellområde både mot sør og nord.Vegen er omlag hundre år gammal, og er forsynt med skilt som fortel om korleis vegen vart brukt i gamle dagar. Turmålet er toppen av Alskleiva, men den kan nåast frå to kantar, Alme og Kvammen. Ein kan gå turen frå eine startpunktet og til det andre, og tilbake same vegen. Eller berre opp til toppen og nedatt på same sida.

Ruteskildring

Turen går på grusveg og har ingen vanskelege parti. På toppen av Kleiva der terrenget flatar ut, finn ein lett utsiktspunkt, leirplass og stiar vidare ved skilting.

Tilkomst og parkering

Du kan starte anten på Alme eller i motsett ende, Kvammen. Til Alme er det !5 km biltur frå Hareid sentrum via Hjørungavåg. Til Kvammen køyrer du først 4 km frå Hareid mot Ulstein, tek så av ved skilt "Kvammen" og køyrer 7 km. På Kvammensida er der ein liten parkeringsplass der turen startar, elles parkering ved vegkant. På Almesida parkering ved vegkant og på delvis privat parkeringaplass. Dersom ein nyttar privat parkeringsplass, må ein sørgje for å få godkjennig av grunneigar.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km tur/retur
Stigning
120 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

Ingen offentleg transport

Kart

Ålesund, Blad 119 I, M711
Køyreskildring
Print ut