English

Lysløypa - Volda skisenter

Volda

Kort om turen

Variert og fin sporlagt og trakka løype for både klassisk og skøyting.
Løypa er ein del av eit skianlegg som også har skitrekk/alpinanlegg, skiskytarstadion og fleire turløyper.

Rutebeskrivelse

Løypa har start frå skistadion i austenden av parkeringsplassen ved Volda skisenter. Du kan også starte ved skiskytarstadion i sørvestenden av parkeringsplassen. Eit anna alternativ er å starte ved Helgatun. Då kjem du inn på den austlegaste delen av løypa ca 500 m opp i bakken frå Helgatun. Følg skilt mot Skisenteret og Melshornet ved Helgatun.

Frå skistadion følger du løypa austover helt til endes. Når du går tilbake, velger du nederste løype nesten tilbake til skistadion. Gå over brua som går over tilkomstvegen til skisenteret, følg løypa rett fram og så i sløyfe forbi skiskytarstadion. Løypa gir seg sjølv, men du kan korte den eit par plassar undervegs,- sjå oppslag på veggen ved skistadion.

Adkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyr E39 i retning mot Stryn. Køyr rett fram i rundkøyringa ved Høgskulen i Volda og hald fram oppover Vikebygdvegen i omlag 2,5 kilometer. Rett før Helgatun, ved skilt merka Skisenter, tek du til venstre på Resvegen. Dersom du vil gå frå Helgatun, fortsetter du rett fram til Helgatun i staden for å ta av til Skisenter. Parkering ved Volda skisenter: sjå prisar på heimesida. Du kan betale med Vipps (#131285). Gratis parkering ved Helgatun.
Skitur
Blå
Lengde
3,71 km rundtur
Stigning
115 m
Tidsbruk
30-40 min
Sesong
Vinter
Lysløype
Hele turen

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3,7

Offentlig transport

Nei

Annet

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turbeskrivelse

Kjørebeskrivelse
Print ut