English

Frey, radiostasjonen i Oksavika

Sande

Kort om turen

Radiostasjonen Frey ligg i Almefjellet høgt over Oksavika. Hytta "Kåken" som ligg i fjellsida idag er ein rekonstruksjon av hytta som sto her under krigen. Turen er oppsett som blå tur, det er på grunn av dei siste 50 meterane opp til hytta.

Ruteskildring

Austa på husa i Oksavika går det ein traktorveg i to sløyfer oppover i skogen. Følg denne vegen om lag 950 m oppover, ta så til venstre og gå langs ryggen oppover til eit stort berg. Gå på venstresida av dette berget, til eit tau som fører deg til "Kåken". Dei siste 50 metrane før hytta går i bratt og steinete terreng, og det kan vere naudsynt å ta hendene til hjelp for å komme opp.

Turen er skilta ved start ved fv 61 og ved stikryss.

Tilkomst og parkering

Frå fv 61 ved Årvik ferjekai køyrer du austover ca 3 km, då er du i Oksavika. Ved starten på ruta er det skilta mot parkering, følg retninga om lag 100 m aust, til ein opparbeidd parkeringplass på venstre hand.
Fottur
Blå
Lengde
1,13 km en vei
Stigning
245 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
253 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,4

Anna

Gå gjerne inn i "Kåken" og skriv deg inn i gjesteboka. Husk å lat att grindene så vi slepp sauer på avveier.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut