{"id":922,"created_at":"2023-11-19T14:45:29.000000Z","updated_at":"2023-11-19T13:45:29.000000Z","slug":"ulla-fyr","name":"Ulla Fyr","municipalities":["Haram"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":null,"seasons":["Vinter","V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Ulla fyr ligg p&aring; Kvernholmen p&aring; Harams&oslash;ya i Haram&nbsp;kommune. Det er flott &aring; fiske fr&aring; berget p&aring; Kvernholmen med&nbsp;mykje lyr og til tider makrell, men ogs&aring; anna fisk. Men ver varsam, g&aring;&nbsp;ikkje der det er v&aring;tt&nbsp;for der er det som regel glatt! &Aring; hamne i havet her er ingen sp&oslash;k. Hugs at det kan kome b&aring;rer som er st&oslash;rre enn dei andre utan varsel! V&ecirc;ret kan ogs&aring; skifte raskt her ute. N&aring;r det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving &aring; vere p&aring; fyret. I sommarhalv&aring;ret&nbsp;kan du sj&aring; den mest fantastiske solnedgangen fr&aring; Ulla fyr!&nbsp;","tour_description_html":"<p>Ulla fyr ligg p&aring; Kvernholmen p&aring; Harams&oslash;ya i Haram&nbsp;kommune. Det er flott &aring; fiske fr&aring; berget p&aring; Kvernholmen med&nbsp;mykje lyr og til tider makrell, men ogs&aring; anna fisk. Men ver varsam, g&aring;&nbsp;ikkje der det er v&aring;tt&nbsp;for der er det som regel glatt! &Aring; hamne i havet her er ingen sp&oslash;k. Hugs at det kan kome b&aring;rer som er st&oslash;rre enn dei andre utan varsel! V&ecirc;ret kan ogs&aring; skifte raskt her ute. N&aring;r det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving &aring; vere p&aring; fyret. I sommarhalv&aring;ret&nbsp;kan du sj&aring; den mest fantastiske solnedgangen fr&aring; Ulla fyr!&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Harams&oslash;ya ligg ytst ute mot havet p&aring; Sunnm&oslash;re. I 2021 vart &oslash;ya landfast med Nord&oslash;yvegen. F&oslash;lg den nordover til du kjem til Ulla. F&oslash;r brua som g&aring;r over til Longva, tek du til venstre p&aring; ein grusveg ut til fyret. Fr&aring; Ulla g&aring;r turen p&aring; grusveg heile vegen, s&aring; den egnar seg for dei fleste. Over til Kvernholmen g&aring;r det ei bru. Her kan det vere vanskeleg &aring; ferdast ved uver! P&aring; Kvernholmsida, er der st&oslash;ypt veg og ogs&aring; fint &aring; g&aring;. Opp til sj&oslash;lve fyret er der nokre trapper, s&aring; her m&aring; ein bruke beina. Turen kan og utf&oslash;rast av rullestolbrukarar.<\/p>\r\n<p>&nbsp;<\/p>","start_point":"<p>Fr&aring; Skjelten tek du av og k&oslash;yrer Nord&oslash;yvegen (bomveg) til Austnes.&nbsp;Fortsett langs Ullavegen heilt til du kjem til ein lang sving like f&oslash;r Ullabrua. Her kan du parkere&nbsp;p&aring; Ulla sm&aring;b&aring;thamn.&nbsp;G&aring; 350 meter tilbake til postkassestativ ved fj&oslash;s og f&oslash;lg grusvegen utover.&nbsp;<\/p>\r\n<div>Dersom&nbsp;du&nbsp;&oslash;nsker ein kortare tur&nbsp;kan du&nbsp;ogs&aring; parkere lengre ute mot fyret. K&oslash;yr d&aring;&nbsp;den smale grusvegen (fr&aring; fj&oslash;set i svingen) heilt ut, der det er plass til 3-4 bilar.&nbsp;<\/div>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"I 1872 vart det bevilga pengar til \u00e5 f\u00e5 bygd eit fiskefyr p\u00e5 Kvernholmen og det vart sett opp eit lite fyrbygg her. Fyret sto ferdig hausten 1873 og vart tent f\u00f8rste gang 25. januar 1874. Fr\u00e5 1889 vart brennetida utvida og stasjonen m\u00e5tte derfor utvidast til familiestasjon. Det vart bygd ny bolig med uthus og naust, samt eit lite fj\u00f8s.\r\n\r\nI 1898 fekk fyret ei 4. ordens linse med fleire klippsektorar slik at lyset lyste i forskjellige fargar i forskjellige retninger. I januar 1901 vart fyret treft av ein storm og naustet vart flytta av b\u00e5rene, men ikkje \u00f8ydelagt. Fyret vart forsterka i 1929 og fekk elektrisk straum innlagt.\r\n\r\nI oktober 1944 bomba allierte fly fyrstasjonen og f\u00f8rte til store skader. Gjenoppbygginga av fyret starta i 1950. Det vart d\u00e5 bygd ei ny fyrbygning med st\u00f8ypejernslykt p\u00e5 taket. I 1975 vart fyret automatisert og avbemannet.\r\n\r\nEi kort periode leigde forsvaret fyret av Kystverket og brukte det til ulike anledninger. I 2003 tok Kystverkklubben Ullafyrets Venner over ansvaret for \u00e5 vedlikeholde fyret. I dag vert det drive sporadisk fyrkaf\u00e9 og ulike samankomster, i tillegg til muligheiter for overnatting.\r\n\r\nI dag er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminner","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":" 55 min.","public_transport":"Sj\u00e5 frammr.no for bussruter, ev kan du bruke Fram sin app.","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":null,"snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}