{"id":883,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"storehornet-tur-i-sprekkomraade-rute-54c","name":"Storehornet - tur i sprekkomr\u00e5de - Rute 54c","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":[null],"tour_description":"Dette er ein flott tur for dei som vil ha ein tur med litt spenning og mykje flott utsikt. Spenninga finn ein f&oslash;rst og fremst i ca 150 meter med vandring p&aring; egg avslutta med relativt enkel klyving opp ei renne med ei lengd p&aring; ca 6 meter. Resten av turen g&aring;r i lett og t&oslash;rt terreng, der ein gjerne kan utforske naturen ogs&aring; utanom den merka ruta. Denne turen har raud gradering. Dette kjem b&aring;de av at det er eit parti med vandring p&aring; egg og relativt enkel klyving, men og av at dette er eit sprekkomr&aring;de der ein skal vite kvar ein g&aring;r og korleis ein handlar. Ein knapp kilometer etter klyvinga, etter at ein har passert den f&oslash;rste toppen p&aring; turen, kjem ein til eit omr&aring;de det det er ei lite tjern som har ein bekk som renn ned i ei forsenking i terrenget og deretter forsvinn ned i ei underjordisk elv. Denne underjordiske elva renn minimum 60 meter for &aring; kome ut i friluft mot Saurdalen, men truleg f&oslash;lgjer den sprekkane i fjellet langt nedover. Hadde dette ikkje vore eit sprekkomr&aring;de ville det i dette omr&aring;det ha vore eit vatn p&aring; storleik med 5 fotballbaner og med ei st&oslash;rste djupne p&aring; 5 meter. Ta gjerne ein avstikkar fr&aring; den merka ruta for &aring; g&aring; innom varden p&aring; Storehornet, eller studer sprekkomr&aring;det mot Saurdalen.","tour_description_html":"<p>Dette er ein flott tur for dei som vil ha ein tur med litt spenning og mykje flott utsikt. Spenninga finn ein f&oslash;rst og fremst i ca 150 meter med vandring p&aring; egg avslutta med relativt enkel klyving opp ei renne med ei lengd p&aring; ca 6 meter. Resten av turen g&aring;r i lett og t&oslash;rt terreng, der ein gjerne kan utforske naturen ogs&aring; utanom den merka ruta. Denne turen har raud gradering. Dette kjem b&aring;de av at det er eit parti med vandring p&aring; egg og relativt enkel klyving, men og av at dette er eit sprekkomr&aring;de der ein skal vite kvar ein g&aring;r og korleis ein handlar. Ein knapp kilometer etter klyvinga, etter at ein har passert den f&oslash;rste toppen p&aring; turen, kjem ein til eit omr&aring;de det det er ei lite tjern som har ein bekk som renn ned i ei forsenking i terrenget og deretter forsvinn ned i ei underjordisk elv. Denne underjordiske elva renn minimum 60 meter for &aring; kome ut i friluft mot Saurdalen, men truleg f&oslash;lgjer den sprekkane i fjellet langt nedover. Hadde dette ikkje vore eit sprekkomr&aring;de ville det i dette omr&aring;det ha vore eit vatn p&aring; storleik med 5 fotballbaner og med ei st&oslash;rste djupne p&aring; 5 meter. Ta gjerne ein avstikkar fr&aring; den merka ruta for &aring; g&aring; innom varden p&aring; Storehornet, eller studer sprekkomr&aring;det mot Saurdalen.<\/p>","directions":"<p>Turen har felles start med rute 54 fr&aring; &Oslash;verberg via Bl&aring;felden til Syvde https:\/\/mrfylke.no\/Morotur\/Turar\/Blaafelden-Fuglehovudet-OEverberg-rute-54&nbsp;Etter 950 meter tek rute 54 c av fr&aring; rute 54 i eit omr&aring;de med raud sand. Stikrysset er skilta og begge rutene er merka med bl&aring; merke p&aring; stein og bl&aring; merkepinnar. Den raude sanden er forvita Olivin som har sv&aelig;rt h&oslash;g pH-verdi, noko som f&oslash;rer til at det er f&aring; plantar som veks i denne sanden. Allereie 75 meter etter stikrysset i den f&oslash;rste krappe svingen p&aring; den merka ruta skal ein vere&nbsp;OBS p&aring; b&aring;de god utsikt over fremste del av Saurdalen og ogs&aring; ein sterkt oppsprukken fjellvegg. Desse sprekkane finn ein i st&oslash;rre eller mindre grad heilt til godt forbi Storehornet. 150 meter etter dette utsiktspunktet startar vandringa p&aring; egg og deretter relativt enkel klyving opp ei renne. Det er 2 renner, og begge kan klyvast, men berre den h&oslash;gre renna er merka. Truleg er den venstre renna best for dei som er relativt sm&aring; og slanke. I renna til h&oslash;gre kan ein p&aring; toppen ta ein liten man&oslash;ver til h&oslash;gre for &aring; sleppe &aring; klyve heilt opp. Etter klyvinga er det lett og t&oslash;rt terreng heilt til ein m&oslash;ter igjen rute 54 n&aelig;r osen ved Lisjehornvatnet. P&aring; vedlagde GPS-fil er det vist veg til rute 54 b&aring;de n&aelig;r osen ved Lisjehornvatnet og ogs&aring; ein snarveg til rute 54 ved St&oslash;ylsmannsvatnet. For dei som ynskjer &aring; g&aring; vidare til Fuglehaudet, Bl&aring;felden og Syvde vil vi anbefale &aring; g&aring; til stikrysset mot rute 54 n&aelig;r osen ved Lisjehornvatnet. Ynskjer ein derimot &aring; returnere tilbake til startpunktet for turen p&aring; &Oslash;verberg via rute 54 vil vi anbefale &aring; g&aring; den umerka snarvegen mot St&oslash;ylsmannsvatnet. D&aring; er det lurt &aring; studere kartet godt, helst p&aring; sin PC-skjerm.<\/p>","start_point":"Ein kan k\u00f8yre til startstaden b\u00e5de fr\u00e5 Syvde og via Saurdalen, eller om ein kjem fr\u00e5 \u00c5heim eller Fisk\u00e5 kan ein f\u00f8rst k\u00f8yre til Sylte, deretter opp Syltedalen og vidare opp til Kilebrekka og \u00d8verberg.\r\n\r\nDet g\u00e5r vanlegvis greitt \u00e5 parkere n\u00e6r der turen startar p\u00e5 \u00d8verberg i Syvde","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 eit lite plat\u00e5 ved stien rett f\u00f8r toppen av H\u00f8gefjellet st\u00e5r det framleis eit trigonometrisk punkt. Desse vart brukt i samband med kartproduksjon f\u00f8r ein fekk satelittfotografering av terrenget. Les meir p\u00e5\r\nhttps:\/\/snl.no\/triangulering\r\n ","grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"3 t. 10 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":"Dette er eit sprekkomr\u00e5de med ein del laus stein, og ein skal vere bevisst kvar ein g\u00e5r og korleis ein handlar.","sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Vanylven - kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}