{"id":881,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"muldal","name":"Muldal","municipalities":["Fjord"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":["H\u00f8st"],"tour_description":"Vegen til Muldal slyngjer seg i 13 svingar oppetter den bratte lia fr&aring; fjorden &ndash; gjennom naturreservat, landskapsvernomr&aring;de og gammalt kulturlandskap. Vegen vart bygt p&aring; slutten av 1800-talet og du kan legge merke til dei fine natursteinsmurane.&nbsp;Muldal er utgangspunkt for turar i Tafjordfjella og ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark.","tour_description_html":"<p>Vegen til Muldal slyngjer seg i 13 svingar oppetter den bratte lia fr&aring; fjorden &ndash; gjennom naturreservat, landskapsvernomr&aring;de og gammalt kulturlandskap. Vegen vart bygt p&aring; slutten av 1800-talet og du kan legge merke til dei fine natursteinsmurane.&nbsp;Muldal er utgangspunkt for turar i Tafjordfjella og ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark.<\/p>","directions":"<p>Fr&aring; parkeringsplassen g&aring;r du ca. 100 meter vidare langs hovudvegen f&oslash;r du kjem til starten av vegen opp til Muldalen.&nbsp;Turruta f&oslash;lger her grusveg\/sti opp til Muldalen. Det er ingen vegdele, s&aring; det er lett &aring; finne fram. Vegen opp til Muldalen slynger seg i 13 svingar vel 2 km oppover i lia, med ei jamn og fin stigning opp til 350 moh. Underlaget er grus, og turvegen er stort sett god og brei for g&aring;ande.<\/p>\r\n<p>Det er kasse med trimpost ved brua. Der er det ogs&aring; rasteplass med benkar. Eigarane ber turg&aring;arane respektere at gardstuna er privat omr&aring;de.<\/p>\r\n<p>Vegen g&aring;r gjennom Muldalslia naturreservat, verna i 2003 for &aring; ta vare p&aring; varmekj&aelig;r lauvskog.<\/p>\r\n<p>Alle svingane har namn. Himmelfartsvingen har f&aring;tt namnet sitt av ein hest som skal ha hatt s&aring; stor fart her at han for utfor vegen og blei skada sopass mykje at han m&aring;tte slaktast. I Stuggesvingen rasa det stundom stein, s&aring; der var det om &aring; gjere &aring; kome seg raskast muleg forbi. P&aring; Labbekvile tok ein raggar utanp&aring; skoa i periodar med mykje is, for &aring; f&aring; betre feste n&aring;r ein gjekk oppover.<\/p>\r\n<p>Rekne om lag ein times gange med jamn&nbsp;gange og nokre pausar. Dei raskaste spring opp p&aring; 15 minutt.<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 Valldal sentrum k\u00f8yrer du austover gjennom Fj\u00f8r\u00e5tunnelen og vidare innover langs fjorden. F\u00f8lg skilting til Tafjord. Etter Fj\u00f8r\u00e5 g\u00e5r vegen gjennom fire rasoverbygg og inn i Heggurtunnelen (5 km). Parkeringsplassen ligg p\u00e5 oppsida av vegen (til venstre) rett etter tunellen, i S\u00f8rdalsvika\/Muldalsvika.\r\n\r\nTuren startar ved hovudvegen, ca 100 meter fr\u00e5 parkeringsplassen.\r\n\r\n","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Turvegen opp til Muldal, og derifra og ned til utsiktspunktet, oppmura og bygd med handemakt p\u00e5 dugnad allereie p\u00e5 1890-talet.\r\nDei fr\u00e5flytte gardane p\u00e5 Muldal.","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 50 mi","public_transport":"Nei","mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"Fin tur i gammalt kulturlandskap og landskapsvernomr\u00e5de. Muldal ligg 350 moh. og er ein gammal gard, truleg fr\u00e5 1600-talet. Her ligg to gardsbruk med store v\u00e5ningshus og l\u00f8er som er plassert fram p\u00e5 kanten til den hengande dalen. Gardane har b\u00f8ar og teigar framover langs elva. Muldal vart fr\u00e5flytta i 1955, men husa blir i dag nytta som fritidsbustadar. Eigarane ber turg\u00e5arane respektere at dette er private omr\u00e5de. Folk er velkomne til \u00e5 bruke rasteplassen f\u00f8r brua over elva. \r\n\r\nMuldalsfossen er den st\u00f8rste fossen p\u00e5 Sunnm\u00f8re med eit fritt fall p\u00e5 om lag 190 meter. Men p\u00e5 grunn av vasskraftutbygging p\u00e5 slutten av 1950-talet og framover har vassmengda i fossen minka mykje. Fossen er regulert. For \u00e5 sj\u00e5 fossen i skikkeleg panorama m\u00e5 ein krysse elva p\u00e5 brua og f\u00f8lgje turvegen som g\u00e5r mellom husa og ned langs ein sti p\u00e5 andre sida av fossen. G\u00e5 p\u00e5 stien og ikkje inn p\u00e5 dei private omr\u00e5da rundt husa. Eit stykke nede i liakjem du fram til  eit utsiktspunkt med rekkverk som ogs\u00e5 vart etablert rundt 1890. Fossen heitte opprinneleg Keisar Wilhelms Foss.\r\n\r\n\r\nFr\u00e5 Muldal har ein eit godt utgangspunkt for vidare ferdsel innover i fjellet p\u00e5 merka r\u00e5ser. Ein del av dei er DNT-ruter. Om lag 2,5 km vidare framover dalen finn ein Tafjords\u00e6tra og Muldals\u00e6tra. Litt framom setrane kjem ein inn i Reinheimen nasjonalpark. \r\n\r\n\r\nDet er og muleg \u00e5 f\u00f8lgje merka sti til utsiktspunktet Nausen, litt framanfor og ovanfor Muldalsgardane. \r\n\r\nTidlegare gjekk Jordmormarsjen fr\u00e5 Eidsdal og over fjella til Tafjord og Muldal, til minne om jordmor Jensine si strevsame ferd til ei f\u00f8dande kvinne i Muldal i 1886. \r\n\r\n\r\nSj\u00f8lve fjorden og landskapet p\u00e5 andre sida av fjorden tilh\u00f8yrer verdsarvomr\u00e5det Geirangerfjorden verdsarv. Sluttstad for turen er ein rasteplass der ein kan nyte utsikten over vakre fjell.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}