{"id":879,"created_at":"2024-02-01T09:07:15.000000Z","updated_at":"2024-02-01T08:07:15.000000Z","slug":"remmevegen-tur-og-rideveg","name":"Remmevegen tur- og rideveg ","municipalities":["Haram"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":null,"seasons":["Vinter","V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Denne turen er ein veldig fin tur for store og sm&aring;. Langs vegen kan ein p&aring;rekne &aring; sj&aring; mykje dyreliv, b&aring;de domestiserte dyr og ville. Er ein riktig heldig kan ein sj&aring; hav&oslash;rna som siglar over himmelen.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Denne turen er ein veldig fin tur for store og sm&aring;. Langs vegen kan ein p&aring;rekne &aring; sj&aring; mykje dyreliv, b&aring;de domestiserte dyr og ville. Er ein riktig heldig kan ein sj&aring; hav&oslash;rna som siglar over himmelen.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Ein kan velje om ein vil starte turen fr&aring; Hildre eller fr&aring; Risneset. P&aring; Risneset finn ein ei informasjonstavle. Ingen vanskelege eller bratte parti, og det er ikkje vanskeleg &aring; f&oslash;lgje vegen dit ein skal, sj&oslash;lv om det er mange gardsvegar som kryssar stien. Det er fint heile &aring;ret, og du kan g&aring; med joggesko. Vegen er gruslagt og t&oslash;rr. Ikkje spesielt tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetting, men det er lett framkomst grunna den gode kvaliteten p&aring; vegen. Det er bru over ei elv som kryssar vegen, ho har ikkje rekkverk og er ganske smal. Elva er ikkje djup. Turkassa st&aring;r like ved trelavvoen som er open for alle.<\/p>\r\n<p>Det er kort veg ut til Bj&oslash;rn&oslash;ya fr&aring; Gamlem, med kystfortet fr&aring; andre verdskrig. I andre enden er det lett adkomst til Hildredalen, som gir mange turmoglegheiter. Langs Remmevegen er det sett fram rastebenkar med bord, samt ein gapahuk som er open for alle. I enden ved Gamlem finns ein dam, kor det er skeissebane om vinteren dersom forholda ligg til rette. Ved godt sn&oslash;dekke er det skil&oslash;yper langs Remmevegen om vinteren, men sn&oslash;en ligg diverre ikkje s&aring; lenge i omr&aring;det. P&aring; Risneset finn ein ei flott sandstrand med fine bademoglegheiter, og p&aring; Brendehaugen er det sett fram benk p&aring; utkikkspost.<\/p>","start_point":"<p>Ein kan ha start fr&aring; Risneset ( 6943699.52,361741.7) eller Hildre (62.601782, 6.332721). Bruk dei offentlege parkeringsplassane p&aring; Hildre eller ved Hurla bygdastove. Dei er gratis. Parkering ved private eigedommar\/gardstun er IKKJE greit, og det er heller ikkje lov med bil eller motorsyklar p&aring; turvegen !<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Langs heile vegen er det sett opp informasjon om gamle stadsnamn og historier knytt til desse namna og gardane som ligg der. \r\n\r\nDet er kort veg ut til Bj\u00f8rn\u00f8ya Kystfort. ","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 50 min.","public_transport":"Rutebuss i Haram. \r\nFjord1 rute nr. 231\r\n","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"<p>Helselaga Gamlem og S&oslash;vik arrangerer Hjartemarsj langs vegen kvart &aring;r. Ein m&aring; p&aring;rekne &aring; m&oslash;te hesteekvipasjar langs vegen, d&aring; det er ein tur- og ridesti. P&aring; vegen ligg ogs&aring; stallanlegget Stall Stene og fleire fj&oslash;sanlegg. Dei ulike gardane har forskjellig drift, og ein kan rekne med &aring; m&oslash;te mange ulike dyreartar som kan vere spanande for dei minste &aring; sj&aring;. Dersom ein har hund m&aring; ein ta omsyn til at stien er mykje brukt av store og sm&aring;, og at det g&aring;r dyr utand&oslash;rs heile &aring;ret. Hald difor hunden i band.<\/p>","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Treng ikkje kart","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}