{"id":822,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"vorakinna-fraa-fiskaabrauta-rute-23","name":"Vorakinna fr\u00e5 Fisk\u00e5brauta \u2013 rute 23","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Fisk\u00e5 IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Fin familietur i jamt over lettg&aring;tt terreng til Vorakinna som er eit relativt frittliggande fjell med god utsikt mot fleire av bygdene i Vanylven. Best utsikt mot Eids&aring; og Syvde f&aring;r ein om ein g&aring;r fram p&aring; kanten av fjellet mot Eids&aring;.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Fin familietur i jamt over lettg&aring;tt terreng til Vorakinna som er eit relativt frittliggande fjell med god utsikt mot fleire av bygdene i Vanylven. Best utsikt mot Eids&aring; og Syvde f&aring;r ein om ein g&aring;r fram p&aring; kanten av fjellet mot Eids&aring;.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Sj&oslash;lv om ein kan g&aring; heilt fr&aring; Fisk&aring;, vil truleg dei fleste k&oslash;yre opp til Fisk&aring;brauta og g&aring; derifr&aring;. Fr&aring; Fisk&aring;brauta (395 moh) er det nesten heilt flatt, og litt v&aring;tt terreng til ein kjem inn til Borgnyhaugen. Derifr&aring; g&aring;r ein lett nedoverbakke og kryssar elva fr&aring; Vorakinndalen like ovanfor der elva har gravd ut eit elvegj&oslash;l nedover mot hovuddalen. Etter eit kort stykke til med myr, g&aring;r ein etter kvart p&aring; rygg oppover mot Vorakinna. P&aring; slutten har ein 2 alternative ruter opp mot toppen, og det kan vere greitt &aring; pr&oslash;ve den eine p&aring; oppturen og den andre p&aring; nedturen. Truleg er den ruta som g&aring;r rett fram i stikrysset den lettaste &aring; g&aring;. Det er skilta ved startpunktet p&aring; Fisk&aring;brauta, og heile turen er merka med bl&aring; merke eller bl&aring; merkepinnar.<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 gamleskulen p\u00e5 Rusta er det god grusveg p\u00e5 vel 2 km opp til innegjerda parkeringsplass p\u00e5 Fisk\u00e5brauta 395 moh. Denne vegen er bomveg. Startpunktet p\u00e5 vegen opp til Fisk\u00e5brauta er tydeleg avmerka p\u00e5 oversiktsbiletet fr\u00e5 turen.\r\n\r\n","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Litt nedanfor toppen av Vorakinna i retning mot Eids\u00e5 ser ein kvite staurar, og nokre plassar rustne restar av nettinggjerde. Staurane er laga av einer som held seg utan \u00e5 rotne. Dette gjerdet vart oppsett av b\u00f8ndene p\u00e5 \u00d8yra og Sandnes i fellesskap, truleg rundt 1930 Kvart bruk hadde vedlikehaldsplikt utrekna etter skyldmark, b\u00e5de p\u00e5 dette gjerdet og mange fleire gjerder i omr\u00e5det. Gjerdet hadde til hensikt \u00e5 halde husdyra vekk fr\u00e5 den bratte og farlige fjellsida, der dei kunne skade seg. N\u00e5r husdyr gjekk utfor kanten og ned i den bratte fjellsida hadde det store konsekvensar for dei som var \u00f8konomisk heilt avhengige av dyra. Langs kanten mellom Kolgrovtua og Vorakinna er der mange spor som er godt synlege framleis, etter torvskjeringa som gjekk f\u00f8re seg her. Torva vart brukt til brensel i periodar d\u00e5 det var lite skog. Torvskjering i dette omr\u00e5det var det gardane i Mebakkane og Kolgrova som hadde rett p\u00e5. Dei hadde torvl\u00f8dene (sm\u00e5 hus til t\u00f8rking av torv) st\u00e5ande tett langs kanten, ein kan om ein leitar og ser litt rundt sj\u00e5 tuftene etter desse. Torva vart fira ned til gardstuna p\u00e5 l\u00f8ypestrengar, l\u00f8ypestrengfesta oppe i fjellet kan ein ogs\u00e5 finne dersom ein studerer litt terrenget.","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 25 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}