{"id":797,"created_at":"2024-05-05T12:09:41.000000Z","updated_at":"2024-05-05T10:09:41.000000Z","slug":"sandfjelltua-fraa-kvanndalen-i-nordalen-rute-49d","name":"Sandfjelltua fr\u00e5 Kvanndalen i Nordalen - rute 49d","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Syvde IL","seasons":["Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Fin topptur i eit omr&aring;de der sn&oslash;en ligg lenge v&aring;r og forsommar. Fr&aring; toppen er det vid og god utsikt b&aring;de mot dei h&oslash;gste fjella i Vanylven og utover havet. Starten p&aring; turen ved demninga i Kvanndalen er 530 m.o.h., og det betyr at ein er over tregrensa. Ein slepp dermed unna alt av kratt og anna av irriterande vegetasjon.","tour_description_html":"<p>Fin topptur i eit omr&aring;de der sn&oslash;en ligg lenge v&aring;r og forsommar. Fr&aring; toppen er det vid og god utsikt b&aring;de mot dei h&oslash;gste fjella i Vanylven og utover havet. Starten p&aring; turen ved demninga i Kvanndalen er 530 m.o.h., og det betyr at ein er over tregrensa. Ein slepp dermed unna alt av kratt og anna av irriterande vegetasjon.<\/p>","directions":"<p>P.g.a. terreng og vind blir det samla opp store mengder sn&oslash; i omr&aring;det om vinteren, og Sandfjelltua er den mest sn&oslash;sikre turen om ein ynskjer &aring; g&aring; p&aring; ski v&aring;r og tidleg sommar i Vanylven. Det er skilta ved startpunktet p&aring; turen, og ogs&aring; i stikrysset p&aring; toppen av f&oslash;rste motbakke. Heile ruta er merka, men ofte er det juli f&oslash;r heile ruta er fri for sn&oslash;. Etter &aring; ha passert dei 2 Skarevatna, og Skaregarden p&aring; toppen av h&oslash;gda mellom Kvanndalen og Sandfjelldalen f&oslash;lgjer r&aring;sa (stien) ein bergrygg nedover til elva. Her er det bru over elva. Fr&aring; elva f&oslash;lgjer ein f&oslash;rst ein ny bergrygg med tynt humusdekke f&oslash;r ein kjem over p&aring; ein litt tung grasbakke som er tung &aring; g&aring; opp, men behageleg fj&oslash;rande p&aring; veg ned. Lenger oppe f&oslash;lgjer ruta sauer&aring;s (sauesti) og ved &aring; f&oslash;lgje den merka ruta slepp ein &aring; g&aring; i steinur i ei fjellside der det er mykje steinur.<\/p>","start_point":"<p>For &aring; kome til startpunktet i Kvanndalen k&oslash;yrer ein fr&aring; Syvde til Norddalen. Det st&aring;r skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. K&oslash;yr Norddalen heilt til endes. Deretter k&oslash;yrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen heilt til vegen sluttar ved kraftverksdemninga i Kvanndalen. Det er god plass til parkering ved demninga<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 det h\u00f8gste punktet mellom Skarevatna og Sandfjelldalen passerer ein restane av ein steingard (steinmur) av stor kulturhistorisk verdi. P\u00e5 1800-talet  var innbyggarane i Nordalen busett i 2 bygdetun i Heimste (midt i dalen) og Fremste (lengst framme) Nordalen. Husdyra fr\u00e5 gardane som h\u00f8yrde til Heimste Nordalen hadde beiterett i Sandfjelldalen og  husdyra fr\u00e5 Fremste Nordalen hadde beiterett i Kvanndalen. I motsetning til situasjonen no med attgroing av beiteomr\u00e5da var det i denne perioden sv\u00e6rt sterkt beitepress og mangel p\u00e5 beite. Dermed var det ein del konflikter . \r\n\r\nI f\u00f8lgje (Fiskaa, Haakon M., 1974, 167) hadde Forlikskommisjonen b\u00e5de i 1849 og 1850 m\u00f8ter i omr\u00e5det for \u00e5 mekle i konflikter om retten til beiteomr\u00e5de. Forlikskommisjonen brukte den makta dei hadde slik at det vart laga detaljerte og omfattande avtalar for \u00e5 sikre at alle husdyrhaldarane skulle f\u00e5 tilgang til fjellbeite. Dei store omr\u00e5da vart delt inn i mindre omr\u00e5de, til ein viss grad ei form for privatisering. Ein av dei mange punkta i avtalen var at Skoregarden p\u00e5 biletet over skulle byggjast for \u00e5 hindre dyra i \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 feil beiteomr\u00e5de. Steingarden startar i ei h\u00f8gd av ca 500 m.o.h. og g\u00e5r opp til 800 m.o.h. i ei lengd av ca 2 km. Eit stort og omfattande arbeid med tanke p\u00e5 at ein f\u00f8rst m\u00e5tte g\u00e5 fr\u00e5 dalen og opp f\u00f8r ein kunne starte arbeidet for dagen.\r\n\r\nEit interessant punkt i \u00abdommen\u00bb fr\u00e5 Forlikskommisjonen var at om dyra kom inn p\u00e5 feil omr\u00e5de skulle det betalast b\u00f8ter, men ikkje til \u00abmotparten\u00bb. B\u00f8tene skulle betalast til Fattigkassen, og var dermed eit bot til samfunnet.\r\n","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 35 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}