{"id":36,"created_at":"2024-06-03T07:58:27.000000Z","updated_at":"2024-06-03T05:58:27.000000Z","slug":"bygda-rundt-paa-aaheim-rute-64","name":"Bygda rundt - p\u00e5 \u00c5heim, rute 64","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":null,"seasons":["Vinter","V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Bygda rundt er ein av i alt 22 turar kjent som Vanylvsturen. Vanylvsturen kom i stand som eit samarbeid mellom kulturavdelinga, prosjekta bulyst og folkehelse. F&oslash;rste gong i 2009 som var kulturminne&aring;r. Ein har lagt til rette for turar i dei fleste bygdene, s&aring;kalla lavterskelturar. Det vil seie at dei fleste kan gjennomf&oslash;re dei Tanken er at ein p&aring; turane skal oppleve kultur i den forstand at ein vert p&aring;mint om menneskeleg aktivitet som har vore f&oslash;r, kjennskap til myter og forteljingar, minner, noko som gir meining og styrkar identitet. Samtidig f&aring;r ein vere aktiv i naturen, noko som gir god helse. Turane er merka med eit eige skilt\/pil. Turen er ein fin spasertur fr&aring; sentrum. P&aring; bygdeveg langs s&oslash;rsida av &Aring;heimselva, sti lengst framme, til brua over elva ved Gusdalsvatnet. Fylkesvegen tilbake. Ca. 1 time. Fr&aring; krysset i sentrum kan ein g&aring; 800 m langs elva i retning mot Vanylvsfjorden der ein finn St Jetmund kyrkje fr&aring; 1155.200 m fr&aring; parkeringsplassen ved Misjonshuset finn ein Valborgsamlinga og Norsk Olivinsenter som begge er plassert i gamle Thue skule.","tour_description_html":"<p>Bygda rundt er ein av i alt 22 turar kjent som Vanylvsturen. Vanylvsturen kom i stand som eit samarbeid mellom kulturavdelinga, prosjekta bulyst og folkehelse. F&oslash;rste gong i 2009 som var kulturminne&aring;r. Ein har lagt til rette for turar i dei fleste bygdene, s&aring;kalla lavterskelturar. Det vil seie at dei fleste kan gjennomf&oslash;re dei Tanken er at ein p&aring; turane skal oppleve kultur i den forstand at ein vert p&aring;mint om menneskeleg aktivitet som har vore f&oslash;r, kjennskap til myter og forteljingar, minner, noko som gir meining og styrkar identitet. Samtidig f&aring;r ein vere aktiv i naturen, noko som gir god helse. Turane er merka med eit eige skilt\/pil. Turen er ein fin spasertur fr&aring; sentrum. P&aring; bygdeveg langs s&oslash;rsida av &Aring;heimselva, sti lengst framme, til brua over elva ved Gusdalsvatnet. Fylkesvegen tilbake. Ca. 1 time. Fr&aring; krysset i sentrum kan ein g&aring; 800 m langs elva i retning mot Vanylvsfjorden der ein finn St Jetmund kyrkje fr&aring; 1155.200 m fr&aring; parkeringsplassen ved Misjonshuset finn ein Valborgsamlinga og Norsk Olivinsenter som begge er plassert i gamle Thue skule.<\/p>","directions":"<p>Parker ved misjonshuset i krysset ved avk&oslash;yringa til Selje\/Stadlandet. G&aring; s&oslash;rover langs vegen ( Fv 61) til du kjem til f&oslash;rste innk&oslash;yring p&aring; venstre side (Laksegata). Her finn du f&oslash;rste pil p&aring; stolpen. G&aring; vidare til Birkedalen og Holmen. Birkedalen er eit gamalt tun fr&aring; 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920. 4H klubben Elvablikk nyttar tunet og husa i Birkedalen som matstasjon under sin &aring;rlege &rdquo;Bygda rundt&rdquo; trimtur. F&oslash;lg vegen forbi Birkedal og sj&aring; etter pila opp den vesle grasbakken og f&oslash;lg stien. Til h&oslash;gre for Veiradalselva ser ein eit gamalt kvernhus fr&aring; midten av 1800-talet der alt inventar er intakt. Kvernhuset var sist i bruk under krigen. Brua over elva er bygd av Elvablikk 4H. Der finn de ogs&aring; ei bok som klubben vil ein skal skrive seg inn i. &Aring;heimselva har alltid vore ei god lakseelv og fr&aring; brua ser ein &rdquo;Rundesteinen&rdquo; der det er ein ekstra god fiskeplass. Langs &Aring;heimselva er stien godt tilrettelagt med koseleg bru og sitteplassar. I enden av stien kjem du ut p&aring; veg og over ei bru til hovudvegen som f&oslash;rer tilbake til &Aring;heim sentrum. Her ser ein rett ut i havgapet mot Stad og Revjehornet. Flott utsikt, s&aelig;rleg n&aring;r veret er fint og ein f&aring;r sj&aring; solnedgongen. P&aring; veg mot sentrum passerer ein &Aring;heim stadion. Ned Holen like f&oslash;r krysset i sentrum har ein Olivinhallen opp til h&oslash;gre. I krysset tek ein til venstre over brua og kjem tilbake til utgangspunktet ved Misjonshuset.Dette er en god g&aring;tur. Brukar ein sykkel m&aring; den trillast eit lite stykke langs elva.<\/p>","start_point":"<p>Misjonshuset ved krysset mot Selje\/Stadlandet. Turen kan sj&oslash;lvsagt g&aring;s motsatt veg enn det som er beskrevet her. Sidan dette er ein rundtur kan ein starte kvar som helst. Gode alternative startsted er fr&aring; krysset i sentrum eller fr&aring; stadion p&aring; L&oslash;vold. Parkering ved Misjonshuset n&aelig;r krysset mot Selje\/Stadlandet. Alternativ parkering ved COOP\/Spar eller ved stadion p&aring; L&oslash;vold. Ingen parkeringsavgift.<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Birkedalen \u2013 eit gamalt tun fr\u00e5 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920. 4H klubben Elvablikk nyttar tunet og husa i Birkedalen som matstasjon under sin \u00e5rlege \u201dBygda rundt\u201d trimtur. \r\n\r\nKvernhus \u2013 eit gamalt kvernhus fr\u00e5 midten av 1800-talet der alt inventar er intakt. Kvernhuset var sist i bruk under krigen.\r\n\r\nSt. Jetmund kyrkje \u2013  Bes\u00f8k middelalderkyrkja St. Jetmund p\u00e5 \u00c5heim. Kyrkja kan vere ei av dei eldste kyrkjene i Noreg. Sankt Jetmund kyrkje er ei langkyrkje fr\u00e5 1155. Byggverket er i marmor og stein. Kyrkja vart riven i 1863, men gjenreist og vigsla p\u00e5 ny i 1957. Steinen var spreidd rundt i bygda og hadde vorte nytta i ymse bygg. Han m\u00e5tte samlast inn att f\u00f8r dei bygde oppatt kyrkja p\u00e5 dei gamle murane som det stod att i ein meters h\u00f8gd. Dei hadde skisser av kyrkja fr\u00e5 f\u00f8r ho vart riven \u00e5 g\u00e5 etter.\r\nhttp:\/\/www.vanylven.kommune.no\/modules\/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=870&Category.ID=973\r\n\r\nValborgsamlinga \u2013 Ei samling av bruksting, tekstilar, klede og gardsreiskap i hovudsak fr\u00e5 tida1800-1900.\r\nhttp:\/\/www.vanylven.kommune.no\/modules\/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=698&Category.ID=829\r\n\r\nNorsk Olivinsenter\u2013 Norsk Olivinsenter skal vere det leiande senteret for presentasjon av mineralet olivin, b\u00e5de for egenskapane innan industri og produksjon og som edelstein i rein utgave.\r\nM\u00e5let med etableringa er \u00e5 skape eit kunnskapssenter for i hovudsak mineralet olivin, men ogs\u00e5 andre mineral dert er st\u00f8rre lokale f\u00f8rekomstar av t.d. eklogitt. Lokalhistoria her er sterkt prega av gruvedrifta p\u00e5 olivin i fleire generasjonar.\r\nFor NOS er det viktig \u00e5 samordne b\u00e5de den lokale og eksterne kunnskapen rundt minerala. Senteret vil ogs\u00e5 presentere fakta og myter om olivin \/ peridot og vere ein base for guida turar i n\u00e6rmilj\u00f8et med fokus p\u00e5 mineralf\u00f8rekomstar.\r\nNorsk olivinsenter er lokalisert ved Valborgsamlinga i Thue gamle skule.\r\nEdelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent fr\u00e5 antikken. S\u00e5 viktig er den at den internasjonalt har f\u00e5tt sin eigen m\u00e5nad (august). Peridot fr\u00e5 \u00c5heim er verdskjent for sin intense gr\u00f8nfarge, og reinheit. Alle dei st\u00f8rste mineralmusea i inn- og utland har peridot fr\u00e5 \u00c5heim i sine samlingar.\r\nFinne din eigen edelstein? F\u00f8lg skilta fr\u00e5 \u00c5heim sentrum mot Sundalen, ca 6 km fr\u00e5 \u00c5heim sentrum ligg Peridotplassen, ein rasteplass der grusen er \"krydra\" av peridot og eklogitt.\r\nhttp:\/\/norskolivinsenter.no\/#cid=1\r\n","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 35 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}