{"id":242,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"grytavasstinden","name":"Grytavasstinden","municipalities":["\u00c5lesund"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":[null],"tour_description":"Grytavasstinden er ikkje den h&oslash;gaste toppen i &Oslash;rskog, men turen opp er ein av dei mest krevjande og den b&oslash;r berre g&aring;ast i t&oslash;rt ver med god sikt. N&aring;r ein finn rette vegen, er det ein flott tur til ein s&aelig;rmerkt tind. Det er helst ein tur ein gjer fr&aring; slutten av juli og utover s&aring; lenge det er bert.","tour_description_html":"<p>Grytavasstinden er ikkje den h&oslash;gaste toppen i &Oslash;rskog, men turen opp er ein av dei mest krevjande og den b&oslash;r berre g&aring;ast i t&oslash;rt ver med god sikt. N&aring;r ein finn rette vegen, er det ein flott tur til ein s&aelig;rmerkt tind. Det er helst ein tur ein gjer fr&aring; slutten av juli og utover s&aring; lenge det er bert.<\/p>","directions":"<p>F&oslash;rste delen av turen er identisk med turen til Lauparen og for ruta fr&aring; Grytas&aelig;tra og opp til Svartvasskaret p&aring; 1000 moh viser vi til denne. P&aring; dette skaret deler rutene seg, skal ein p&aring; Lauparen g&aring;r ein til venstre, er Grytavasstinden m&aring;let, g&aring;r ein til h&oslash;gre. R&aring;sa er lite tydeleg, og ein m&aring; finne vegen mellom store klippeblokker og etter kvart oppover ryggen mot Svartvassegga. Hald deg midt p&aring; ryggen, stort sett g&aring;r det greitt &aring; finne vegen oppover. Ver ekstra varsam om du bevegar deg ut p&aring; sn&oslash;dekte flater. Etter kvart flatar terrenget ut og dannar eit plat&aring; p&aring; vel 1200m, Svartvassegga. Utsikta er str&aring;lande, ikkje minst mot Lauparen som ser ekstra flott ut herfr&aring;. For &aring; kome seg p&aring; Grytavasstinden, m&aring; ein g&aring; vidare i s&oslash;rleg retning, f&oslash;rst m&aring; ein m&aring; tape noko h&oslash;gde, s&aring; mykje at ein held seg lavare enn dei utl&oslash;parane som g&aring;r ut fr&aring; ryggen mot tinden. Hald deg over ura i eit felt som stort sett er grasdekt. Ein treng ikkje g&aring; ned til vatna som ligg i botnen her. Har ein god tid, kan det vere ein bonus p&aring; nedturen. G&aring; ikkje opp for tidleg! Hald same h&oslash;gda heilt til du ser skaret p&aring; s&oslash;rsida av Grytavasstinden, d&aring; kan du byrje &aring; stige. Ein ser no ein bratt bakke dels dekka av mose, dels av grus, som strekker seg mot h&oslash;gste partiet av fjellet. Her skal du opp. P&aring; toppen av denne bakken, der den m&oslash;ter fast fjell, er det m&aring;la markeringar p&aring; fjellet i form av raude felt som viser vegen siste stykket. Du skal kunne sj&aring; fr&aring; merke til merke. Sj&oslash;lve toppen med varden ligg litt kronglete til, og ein ser f&oslash;rst varden like f&oslash;r ein er der. Det er litt klyving i dette omr&aring;det, men ikkje vanskeleg. Utsikta er storsl&aring;tt, spesielt mot Lauparen og mot fjella ved Over&oslash;ye, elles minner utsikta mot s&oslash;r og vest om utsikta fr&aring; Lauparen, betre blir det ikkje! Unn deg ein god pause p&aring; toppen, ein treng litt energi f&oslash;r ein byrjar p&aring; nedturen. Gir ein seg god tid, g&aring;r denne ogs&aring; greitt.Omr&aring;det mellom Grytavasstinden og Grytavatnet er spesielt, med mykje ur, dei to vatna Isvatnet og Trollvatnet, og med ein del breparti. Storbotnshornet som ligg lenger mot s&oslash;r og vest er end&aring; h&oslash;gare enn Grytavasstinden (1370 moh), men er vanskeleg tilgjengeleg og vi tilr&aring;r ikkje at ein g&aring;r her utan i fylgje med fjellvande som kan vegen.<\/p>","start_point":"Ta av fr\u00e5 riksveg 650 mellom Sj\u00f8holt og Stordal, i Vaksvika. K\u00f8yr austover p\u00e5 fylkesvegen mot Tresfjord. Ca. 1,5 km etter Sportskapellet tek du av til h\u00f8gre mot Grytalisetra. Her er det bomveg med avgift. K\u00f8yr til Grytalisetra og parker her. \r\n\r\n\r\nP\u00e5 Grytalisetra.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"4 t. 20 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"\u00d8rskogfjellet","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}