{"id":241,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"lauparlaegda-sunnmoerslauparlaegda","name":"Lauparl\u00e6gda\/Sunnm\u00f8rslauparl\u00e6gda","municipalities":["\u00c5lesund"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":[null],"tour_description":"Ein lang og variert tur med tydeleg r&aring;s berre p&aring; f&oslash;rste etappe. Du g&aring;r f&oslash;rst over myrar, s&aring; gjennom eit omr&aring;de med tett fjellbj&oslash;rkeskog, vidare oppover ein stadig smalare rygg f&oslash;r du n&aring;r det flate toppomr&aring;det med vid utsikt i alle retningar. Sn&oslash;fritt fr&aring; byrjinga av juli.","tour_description_html":"<p>Ein lang og variert tur med tydeleg r&aring;s berre p&aring; f&oslash;rste etappe. Du g&aring;r f&oslash;rst over myrar, s&aring; gjennom eit omr&aring;de med tett fjellbj&oslash;rkeskog, vidare oppover ein stadig smalare rygg f&oslash;r du n&aring;r det flate toppomr&aring;det med vid utsikt i alle retningar. Sn&oslash;fritt fr&aring; byrjinga av juli.<\/p>","directions":"<p>Turen er i starten lik turen til Lauparen. Dvs at du f&oslash;lgjer r&aring;sa mot Grytavatnet til du har kryssa ei elv og g&aring;tt vidare opp nokre bakkar. Der det flatar ut og du f&aring;r auge p&aring; ei lita furu ved elva, skal du ta til venstre, over elva og halde fram mot nordaust langs eit lite elvefar i retning Kvitnyken. Etterkvart finn du ei r&aring;s og den b&oslash;r du f&oslash;lgje til du har passert Heivatna p&aring; s&oslash;rsida. Du ser no Sunnm&oslash;rslauparl&aelig;gda rett i aust og ser ein rygg som skr&aring;ar diagonalt oppover fjellet. Denne skal du f&oslash;lgje, s&aring; det er no lurt &aring; sikte seg inn mot der beltet med fjellbj&oslash;rkeskog er smalast og vidare opp der ryggen startar. Her oppe vil du sj&aring; at Sunnm&oslash;rslauparl&aelig;gda ogs&aring; g&oslash;ymer eit lite fjellvatn, p&aring; kartet kalla Lauparvatnet. Vidare oppover berga kan du etterkvart finne ei litt utydeleg r&aring;s som f&oslash;rer deg opp til eit punkt der ryggen er forholdsvis smal og der du m&aring; ta hendene til hjelp for &aring; kome opp. Eit kort parti kan nok opplevast som luftig. Etter dette vert ryggen igjen breiare, du kjem opp i tildels grov ur og ser snart det flate, steindekte toppomr&aring;det. Du vil oppdage at her er to vardar; ein p&aring; kanten i vest og ein p&aring; kanten mot Tresfjorden lenger aust. Toppen i vest er den h&oslash;gste, men du b&oslash;r legge turen bortom varden n&aelig;rmast Lauparen. Fr&aring; toppomr&aring;det ser du vestover Vaksvika og vidare ut Storfjorden mot &oslash;yane. I s&oslash;r ligg Grytavatnet omkransa av Fremste Skorkja, Storbotnshornet og Svartvassegga. I aust dominerer Lauparen. Og mot nord ser du ut Tresfjorden og over Romsdalsfjorden mot Molde. N&aelig;raste fjellet i den retninga er Kvitnykjen. Men ogs&aring; mot N&aelig;remstindane og H&oslash;gsvora har du god sikt. Returen kan du sj&oslash;lvsagt legge same vegen som du kom, men vi tilr&aring;r &aring; gjere dette til ein rundtur der du f&oslash;lgjer nordryggen av fjellet ned igjen. G&aring; d&aring; mot vest, til den andre varden p&aring; topp-plat&aring;et og vidare nedigjennom urda, langs kanten n&aelig;rast Kvitnykjen. Urda er bratt, men ikkje laus eller vanskeleg &aring; g&aring; og du slepp luftige parti. Vel nede der terrenget blir slakkare og du er p&aring; h&oslash;gde med Lauparvatnet, siktar du deg inn p&aring; omr&aring;det der du kom opp gjennom fjellbj&oslash;rkeskogen og returnerer via s&oslash;renden av Heivatna tilbake til r&aring;sa fr&aring; Grytavatnet. Dette er ein av toppane p&aring; Vaksvikfjellet der du sjeldan m&oslash;ter andre turg&aring;arar, men det er eit fjell som absolutt er verdt eit bes&oslash;k. Lauparl&aelig;gda kan du ogs&aring; n&aring; ved &aring; starte fr&aring; Kjersemsetra; du slepp d&aring; det kronglete partiet med fjellbj&oslash;rkeskog.<\/p>","start_point":"Ta av fr\u00e5 riksveg 650 mellom Sj\u00f8holt og Stordal, i Vaksvika. K\u00f8yr austover p\u00e5 fylkesvegen mot Tresfjord. Du k\u00f8yrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalis\u00e6tra tek av mot s\u00f8raust.\r\nP\u00e5 Grytalis\u00e6tra er det gode parkeringsomr\u00e5de.\r\n\r\nP\u00e5 Grytalisetra","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"7 t. 35 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"\u00d8rskogfjellet","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}