{"id":215,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"ulvenakken-rute-43b-fraa-roeda-i-syvde-til-ulvenakken","name":"Ulvenakken \u2013 (rute 43b) \u2013 fr\u00e5 R\u00f8da i Syvde til Ulvenakken","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Syvde IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er ein flott tur i variert terreng og med varierte opplevingar. Store delar av turen g&aring;r p&aring; den r&aring;sa (stien) som vart brukt av dei som kvar dag gjekk opp for &aring; mj&oslash;lke kyrne om sommaren. Ulvenakken er h&oslash;gste punktet p&aring; enden av ryggen p&aring; vestsida av Grytdalen i Syvde, og er med sine vel 560 moh. godt synleg fr&aring; store delar av Syvde.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Dette er ein flott tur i variert terreng og med varierte opplevingar. Store delar av turen g&aring;r p&aring; den r&aring;sa (stien) som vart brukt av dei som kvar dag gjekk opp for &aring; mj&oslash;lke kyrne om sommaren. Ulvenakken er h&oslash;gste punktet p&aring; enden av ryggen p&aring; vestsida av Grytdalen i Syvde, og er med sine vel 560 moh. godt synleg fr&aring; store delar av Syvde.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Turen startar i nedre kant av grustaket i R&oslash;da. F&oslash;rste delen g&aring;r p&aring; traktorveg. Ca 50 meter etter f&oslash;rste h&oslash;gresving tek ein av til venstre og kjem inn p&aring; merka og tydeleg sti.<\/p>\r\n<p>Store delar av turen g&aring;r ein i lauvskog med bj&oslash;rk som det dominerande treslaget. Over tregrensa opnar landskapet seg og ein f&aring;r flott utsikt. Mesteparten av tida g&aring;r ein p&aring; den gamle mj&oslash;lkarr&aring;sa som budeiene p&aring; S&aelig;tre og Opsal brukte n&aring;r dei skulle opp for &aring; mj&oslash;lke, og deretter bere mj&oslash;lka fr&aring; fjellet og ned att til garden.<\/p>\r\n<p>R&aring;sa (stien) er velhalden og lett &aring; g&aring;. Mj&oslash;lkarr&aring;sene var vanlegvis kortast mogeleg veg mellom st&oslash;ylen (s&aelig;tra) og heimegarden. R&aring;sa skulle g&aring;ast kvar dag og d&aring; var det om &aring; gjere at den ikkje var for lang. Dermed vart desse r&aring;sene ofte bratte. R&aring;sa mot Ulvenakken er ogs&aring; tidvis bratt, men slynger seg i fine h&aring;rn&aring;lsvingar oppetter landskapet. I tillegg er det mange plassar laga trappetrinn i stein slik at det vert lettare &aring; g&aring;. Starten av r&aring;sa er skilta, og heile ruta er merka. Det er relativt lite merka der r&aring;sa er godt synleg, men godt merka elles. N&aring;r ein kjem opp til tregrensa tek ein til h&oslash;gre ved ein stor stein og g&aring;r relativt vassrett til ein har passert Tverrelva. Denne elva kan f&aring; stor vassf&oslash;ring i v&aring;te periodar, og d&aring; b&oslash;r ein g&aring; lenger innover f&oslash;r ein passerer elva. Men til vanleg er elva lett &aring; passere.<\/p>","start_point":"R\u00e5sa (stien) startar ved grustaket i R\u00f8da. Fr\u00e5 kyrkja i Syvde k\u00f8yrer du litt over 2 km i retning Volda. Ta av til h\u00f8gre rett f\u00f8r elva fr\u00e5 Grytdalen og ta deretter av til venstre og k\u00f8yr over brua i neste kryss. Etter knappe 300 meter ser du skilt mot Ulvenakken. Ein kan enten parkere i dette omr\u00e5det, eller oppe ved dei neste turskilta. ","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"I tidsperioden fr\u00e5 rundt 1800 \u2013 1945 var utmarka i Norge hardt beskatta fordi ein trong mat til ei veksande folkemengd. Gardane p\u00e5 Sunnm\u00f8re og i Syvde var jamt over relativt sm\u00e5, og dei fleste bruka var kombinasjonsbruk der sm\u00e5bruk og fiske var levevegen. Dei fleste gardane hadde st\u00f8ylsdrift der ein utnytta dei gode fjellbeita. Vanlegvis hadde ein ei slakk r\u00e5s der kyrne kunne g\u00e5 til fjells, og ei raskare og brattare r\u00e5s der mj\u00f8lkarane kunne g\u00e5 sin daglege tur og bere mj\u00f8lka ned att til garden. Rett vest for Ulvenakken i ei h\u00f8gd p\u00e5 om lag 500 m.oh. ligg st\u00f8ylen til gardane p\u00e5 Opsal og S\u00e6tre. Kyren st\u00f8yla seg, la seg til for natta, i dette omr\u00e5det. Fr\u00e5 gamalt av var det ein slags gapahuk som mj\u00f8lkarane kunne overnatte under, men rundt 1910 vart det bygd eit felles st\u00f8ylshus for Opsal og S\u00e6tre. Som elles i bygdene v\u00e5re var denne st\u00f8ylen i aktiv bruk fram til slutten av andre verdskrig. St\u00f8ylshuset sto fram til orkanen i 1992. No ligg taket framleis i omr\u00e5det, og murane p\u00e5 st\u00f8ylshuset ligg under taket.\r\n\r\nOfte beitte kyrne, og la seg ogs\u00e5 til for natta, i to omr\u00e5de som blir kalla Oppst\u00f8yl og Nedst\u00f8yl. Begge desse omr\u00e5da ligg lenger ned enn st\u00f8ylshuset. B\u00e5de Oppst\u00f8ylen og Nedst\u00f8ylen er gjengrodde i dag, men var opne omr\u00e5de d\u00e5 det var st\u00f8ylsdrift der.  N\u00e5r det var finever trekte kyrne innover mot Rovde og Myrkevatnet og d\u00e5 fekk mj\u00f8lkarane ein lang veg f\u00f8r dei kom heim med mj\u00f8lka. N\u00e5r ein skulle p\u00e5 st\u00f8ylen gjekk ein opp Nausen. Nausen er namnet p\u00e5 ein bergknaus som stikk opp i den brattaste delen av r\u00e5sa. Delar av r\u00e5sa opp til st\u00f8ylen har oppmurte trinn, og det er ogs\u00e5 oppmurte sitjeplassar p\u00e5 1. og 2. kvildet. Desse var tilpassa slik at ein kunne setje seg ned med mj\u00f8lkehylkjene p\u00e5 ryggen og kvile seg utan \u00e5 m\u00e5tte ta av hylkjene.\r\n\r\nN\u00e5r ein startar turen og har g\u00e5tt eit kort stykke i retning Grytdalen svigar ein av og g\u00e5r relativt vassrett over Bakkegjerdet. Dette omr\u00e5det er omkransa av steingardar, og er eit omr\u00e5de der ein slo gras med stuttorv fram til rundt 1950. Torrh\u00f8yet vart pakka inn i ei stor fiskenot som ein stor ball, og deretter brukte ein tyngdekrafta som hjelp og trilla den store h\u00f8yballen ned til Opsal.\r\n","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 20 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"Det er og ein slakare variant av turen til Ulvenakken. D\u00e5 g\u00e5r ein vegen heilt til endes og tek av til venstre. Dette er den gamle ruta der kyrne gjekk. Denne stien er merka med raude merke p\u00e5 tre og steinar.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven. ","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}