{"id":1929,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"kjellsura-i-dale","name":"Kjellsura i Dale","municipalities":["Fjord"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Norddal IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dale og Kjellsura er eit flott og fredeleg turomr&aring;de som er mykje brukt av bygdefolket. Post-steinen i Kjellsura er ein kort og lett tilgjengeleg tur og du kan starte fr&aring; fleire punkt i bygda. Denne omtalen har startpunkt p&aring; den gamle prestegarden fremst i bygda, p&aring; Engeset\/Innset.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Dale og Kjellsura er eit flott og fredeleg turomr&aring;de som er mykje brukt av bygdefolket. Post-steinen i Kjellsura er ein kort og lett tilgjengeleg tur og du kan starte fr&aring; fleire punkt i bygda. Denne omtalen har startpunkt p&aring; den gamle prestegarden fremst i bygda, p&aring; Engeset\/Innset.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Turen startar p&aring; den gamle prestegarden ved Engeset\/Innset. Her kan du parkere p&aring; venstre side av stabburet. Du startar med &aring; g&aring; austover, tilbake over brua mot Fossheim. I dette krysset g&aring;r du grusvegen som passerer p&aring; oppsida av husa p&aring; Fossheim. Hald fram p&aring; denne vegen, som g&aring;r slakt nedover i idylliske omgjevnader, til du har passert ei hytte p&aring; venstre hand. Om lag 150m etter hytta vil du finne ei grind p&aring; h&oslash;gre hand, merka med \"Dikksteinen\". Her passerer du igjennom, og no g&aring;r turen vidare p&aring; r&aring;s i brattare terreng. Omr&aring;det her er eigentleg ei stor og gammal ur, med store kampesteinar. Det har ogs&aring; vore beitemark for hest, sauer og geiter, men det er lite dyr i omr&aring;det no. Dei store bj&oslash;rketrea i Kjellsura i Dale har ei noko spesiell form, sidan det i tidlegare tider vart lauva i omr&aring;det. Bj&oslash;rkeriset t&oslash;rka dei og brukte til vinterf&ograve;r til dyra. Ura er eit flott omr&aring;de for ungar &aring; leike i sidan det b&aring;de er gode klarte\/buldre-moglegheiter og mange fine g&oslash;ymeplassar. Fr&aring; grinda g&aring;r du ganske rett opp i om lag 200m. R&aring;sa er merka med kvite D-ar. Posten er ved fleire store steinar. Fin utsikt til fjella omkring, men lite utsyn mot fjorden, sidan det er mykje stor bj&oslash;rkeskog. For &aring; f&aring; betre utsikt over bygda, kan du returnere til grusvegen der du svingar til h&oslash;gre mot Dale. Her f&aring;r du eit godt utsyn over bygda og fjorden. No kan du anten returnere same veg til prestegarden, eller alternativt kan du g&aring; ein rundtur. D&aring; kan du halde fram p&aring; asfaltveg gjennom tuna i Dale. I Dale kan du bes&oslash;kje b&aring;de Tonga gardsbryggeri og Dale gruvemuseum n&aring;r dei held ope. I krysset ved hovudvegen, kan du anten ta til venstre og f&oslash;lgje bygdevegen om lag 1,5km fram til Prestegarden att, eller g&aring; mot fjorden og rundt heile bygda. &nbsp;&nbsp;<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 ferjekaia i Eidsdal k\u00f8yrer du f\u00f8rst mot Norddal, ca. 5km. Ved N\u00e6rbutikken tek ein til h\u00f8gre framover i bygda og k\u00f8yrer i om lag 2km f\u00f8r ein tek til h\u00f8gre over ei bru. Du finn den gamle prestegarden, som ogs\u00e5 har vore kloster, p\u00e5 h\u00f8gre hand rett etter brua. Her kan du parkere p\u00e5 venstre side av stabburet. ","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 35 mi","public_transport":"Offentleg transport normalt ikkje tilgjengeleg. Skulebuss passerer Fossheim morgon og ettermiddag.","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"Kjellsura er spesiell mykje grunna dei store steinane som har kome ned i eitt ras for nokre tusen \u00e5r sidan. I tidlegare tider vart omr\u00e5det nytta til lauving, for \u00e5 skaffe ekstra mat til dyra. Dei store bj\u00f8rkene i omr\u00e5det ber preg av dette, d\u00e5 dei har ein tjukk stamme nederst, som s\u00e5 deler seg i mange greiner. Det er ogs\u00e5 knytt ei segn til Kjellssteinen, ved grusvegen mot Dale. I Dale finn du det nye gruvemuseet i bygda, og du kan ogs\u00e5 stikke innom Tonga Gardsbryggeri og Silo'n pub.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Norddal","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":true,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}