{"id":1872,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"noerdsjoeloeypa-over-kilebrekka","name":"N\u00f8rdsj\u00f8l\u00f8ypa over Kilebrekka","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":2,"name":"Sykkeltur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[{"id":1,"name":"Tur landevei"}],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er ei av dei to Nordsj&oslash;l&oslash;ypene i Vanylven. P&aring; ei strekning av knappe 32 km f&aring;r ein oppleve flott natur og velhalde kulturlandskap. Turen g&aring;r gjennom bygdene Eids&aring;, Fisk&aring;, Sylte og Syvde og i tillegg kan ein nyte utsikten mot 2 fjordar, to dalar og 2 vatn.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Dette er ei av dei to Nordsj&oslash;l&oslash;ypene i Vanylven. P&aring; ei strekning av knappe 32 km f&aring;r ein oppleve flott natur og velhalde kulturlandskap. Turen g&aring;r gjennom bygdene Eids&aring;, Fisk&aring;, Sylte og Syvde og i tillegg kan ein nyte utsikten mot 2 fjordar, to dalar og 2 vatn.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Mesteparten av turen g&aring;r p&aring; lite trafikkert og asfaltert veg, noko av turen g&aring;r langs meir trafikkert asfaltert veg, og noko g&aring;r lang grusveg. Ynskjer ein &aring; bruke god tid og nytte h&oslash;vet til ein rast eller fleire langs vegen er det mange stader det er fint &aring; stoppe. I Leitebakkane ca 1 km s&oslash;r for Eids&aring; er det rasteplass med panoramautsikt over Eids&aring; og Breiteigsfjella. Ved gamleskulen fremst i S&oslash;rdalen er det bord og benkar &aring; sitje p&aring;, og for dei som likar flott utsikt kan ein anbefale ein stopp p&aring; toppen av bakken enten p&aring; Kilebrekka eller &Oslash;verberg. Sommar og tidleg haust er det s&oslash;ndagsope p&aring; fjellkroa p&aring; &Oslash;verberg.<\/p>\r\n<p>Det er brattare bakkar opp fr&aring; Syltedalen til Kilebrekka enn det er fr&aring; S&oslash;rdalen til &Oslash;verberg, og mange vil nok oppleve det som kjekkast &aring; sykle eller g&aring; dei bratte bakkane opp fr&aring; Syltedalen og deretter gli ned p&aring; slakare bakkar mot S&oslash;rdalen. Fr&aring; fremst i S&oslash;rdalen og heilt til Eids&aring; kan ein sykle p&aring; lite trafikkert og asfaltert veg. I S&oslash;rdalen p&aring; fylkesvegen, og fr&aring; Syvde til Eids&aring; kan ein sykle p&aring; &laquo;gamlevegen&raquo; som i all hovudsak ligg p&aring; den marine grensa. Fr&aring; Eids&aring; er det nokre f&aring; hundre meter langs hovudvegen f&oslash;r ein kan ta av p&aring; &laquo;gamlevegen&raquo; mot Fisk&aring;. Denne kan ein f&oslash;lgje heilt til Tunheim. Fr&aring; Tunheim til Sylte kjem eit parti med litt smal og trafikkert veg, f&oslash;r ein igjen kan nyte freden p&aring; lite trafikkert veg fram til Syltedalen.<\/p>","start_point":"Dette er ein rundtur, dermed kan ein starte der ein vil og kome tilbake til utgangspunktet. Kjem ein med sykkelen p\u00e5 bil, er det grei parkering mange stader langs ruta.  ","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Nesten heile denne turen syklar ein gjennom gamalt kulturlandskap der husdyra og b\u00f8ndene gjennom mange generasjonar har forma vegetasjonen. Opp fr\u00e5 Syltedalen passerer ein Brattebakkjen som er den gamle ferdsels\u00e5ra opp fr\u00e5 dalen fr\u00e5 f\u00f8r vegen vart bygd. P\u00e5 Kilebrekka er det framleis nokre f\u00e5 st\u00f8ylshus som st\u00e5r igjen fr\u00e5 tida med st\u00f8ylsdrift, og der er det ogs\u00e5 tydelege spor etter torvskjering. I Bersbakken mellom S\u00f8rdalen og \u00d8verberg kan ein leggje merke til fleire generasjonar av veg. Dette var veg til fjellgardane p\u00e5 \u00d8verberg, men ogs\u00e5 veg for \u00e5 frakte ned torv fr\u00e5 den store torvmyra s\u00f8r for \u00d8verberg.","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"5 t. 45 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}