{"id":1599,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"blaafelden-rett-opp-rute-54","name":"Bl\u00e5felden rett opp - rute 54 ","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Syvde IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er same rute som motbakkel&oslash;pet Bl&aring;felden Rett Opp som blir arrangert kvart &aring;r f&oslash;rste laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i &aring;ret. Bratt tur p&aring; god og tydeleg r&aring;s (sti). Nokre luftige parti, og fantastisk utsikt p&aring; toppen.","tour_description_html":"<p>Dette er same rute som motbakkel&oslash;pet Bl&aring;felden Rett Opp som blir arrangert kvart &aring;r f&oslash;rste laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i &aring;ret. Bratt tur p&aring; god og tydeleg r&aring;s (sti). Nokre luftige parti, og fantastisk utsikt p&aring; toppen.<\/p>","directions":"<p>Motbakkel&oslash;pet Bl&aring;felden rett opp blir arrangert kvart &aring;r f&oslash;rste laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i &aring;ret. Konkurransel&oslash;ypa startar ved vidareg&aring;ande skule i Syvde sentrum og g&aring;r f&oslash;rst p&aring; asfalt vel 1 km f&oslash;r den g&aring;r over i terrenget. N&aring;r ein tek l&oslash;ypa som vanleg tur er det vanleg &aring; starte der den g&aring;r over i terrenget.<\/p>\r\n<p>F&oslash;rste del er ein markert morenerygg med open bj&oslash;rkeskog. Deretter er det 2 km med jamn og bratt stigning. Etter dette seige partiet er det 1,5 km med lettare terreng over egga og h&oslash;gste punkt p&aring; 842 m f&oslash;r omr&aring;det flatar ut i eit plat&aring; p&aring; 810 moh p&aring; kanten av Bl&aring;felden med panoramautsikt over Syvde.&nbsp;<\/p>\r\n<p>Ca 100 meter fr&aring; brua p&aring; riksvegen i lengst vest i Syvde, i retning mot Eids&aring;, k&oslash;yrer eller g&aring;r ein opp ein bratt asfaltert bakke. Etter &aring; ha kome opp bakken k&oslash;yrer ein i omlag 50 meter parallelt med fjorden f&oslash;r ein kjem til starten av ruta. Starten er godt skilta, og ruta er godt merka fr&aring; start til slutt. Fr&aring; fjorden f&oslash;lgjer ein moreneryggen gjennom open bj&oslash;rkeskog og etterkvart i ope landskap. Denne bakken er lang og seig. Seinare blir det lettare og luftigare over ryggen mot Svartetua. Fr&aring; Bl&aring;felden er det flott utsikt over Syvde og omr&aring;det rundt. Syvde IL har turkasse p&aring; toppen av Bl&aring;felden. Kassen er plassert n&aelig;r kanten av fjellet p&aring; venstre side av den djupe kl&oslash;fta.<\/p>","start_point":"Meir info om Bl\u00e5felden rett opp finn ein p\u00e5 http:\/\/syvdeil.no\/ Du finn og bilete og tekst om turen p\u00e5 side 118 og 119 i turboka Fotturar p\u00e5 Sunnm\u00f8re. Den kan kj\u00f8past i bokhandel eller direkte fr\u00e5 forlaget p\u00e5 http:\/\/www.iriss.no \r\n\r\nVanlegvis g\u00e5r det greitt \u00e5 parkere i omr\u00e5det der l\u00f8ypa startar i terrenget","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Eit par hundre meter f\u00f8r ein kjem fram til sj\u00f8lve Bl\u00e5felden passerer ein tydelege restar etter ein mur som gjekk fr\u00e5 kanten av sk\u00e5la (botn etter botnbre) og s\u00f8rover nokre hundre meter mot nabofjellet Fuglehovudet. Dette er det ein har kalla ein Varegard (Vernegard\/vernemur), og desse vart bygde for \u00e5 hindre at husdyr p\u00e5 beite skullle g\u00e5 utfor stup. Varegarden p\u00e5 Bl\u00e5felden er bygd av stein, men lenger s\u00f8r i omr\u00e5det har det vore brukt torv for \u00e5 bygge den. ","grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"3 t. 40 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}