{"id":1402,"created_at":"2023-11-03T10:23:22.000000Z","updated_at":"2023-11-03T09:23:22.000000Z","slug":"ikornneset","name":"Ikornneset","municipalities":["Gjemnes"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":"Gjemnes kommune ved Folkehelsekoordinator","seasons":["Vinter","V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Turen ut til Ikornneset g&aring;r gjennom eit etablert frilufts- og fornminneomr&aring;de. Omr&aring;det er tilrettelagt med toalett ved turstart, bord og benkar, badeplass og fine fiskeplassar, og det er sett opp fleire plakatar med informasjon om kva ein kan sj&aring; og oppleve her ute.&nbsp; Turm&aring;let og&nbsp;turboka&nbsp;ligg p&aring;&nbsp;Vorpneset","tour_description_html":"<p>Turen ut til Ikornneset g&aring;r gjennom eit etablert frilufts- og fornminneomr&aring;de. Omr&aring;det er tilrettelagt med toalett ved turstart, bord og benkar, badeplass og fine fiskeplassar, og det er sett opp fleire plakatar med informasjon om kva ein kan sj&aring; og oppleve her ute.&nbsp; Turm&aring;let og&nbsp;turboka&nbsp;ligg p&aring;&nbsp;Vorpneset<\/p>","directions":"<p>Sj&oslash;lv om dette er ein kort tur, er det stor variasjon i type terreng. Stien blir ikke br&oslash;ytet.&nbsp; Turen startar like til venstre for toalettet ved parkeringa. Herifr&aring; er det om lag 200 meter med grusa turveg f&oslash;r du skal ta av til venstre langs strandkanten. Etter om lag&nbsp;150 meter langs sj&oslash;kanten kjem du til turm&aring;let. Her er det fint &aring; tenne b&aring;l og &aring; rast. Hugs &aring; ta med avfall tilbake.<\/p>","start_point":"<p>Turen startar i Einnesvegen, ved det gamle meieriet p&aring; H&oslash;gset. Hit kjem du lettast med bil, men bussen mellom Molde og Kristiansund er eit godt alternativ, med stopp p&aring; E39 like ved Gjemnessundbrua. Kjem du fr&aring; Gjemnessundbrua og E39, f&oslash;lgjer du Fv279 (skilta Gjemnes og Eide) i knappe to km. Avk&oslash;yringa inn p&aring; Einnesvegen er skilta Ikornneset. Hald rett fram forbi innk&oslash;yringa til n&aelig;ringsanlegget og parker ved toalettet. Fr&aring; Eide er det vel 20 km langs Fv279 fram til Einnesvegen.<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 Ikornneset ligg det rundt ti gravr\u00f8yser, samt nokre sm\u00e5 r\u00f8yser, \u00e5kerreiner og gardfar. Gravr\u00f8ysene, som er bygde av rullestein, er typiske kystr\u00f8yser og har varierande storleik. Dei to st\u00f8rste kan imponere med eit tverrm\u00e5l p\u00e5 omlag 15 meter og ei h\u00f8gd p\u00e5 to meter. Det er usikkert kor gamle desse gravr\u00f8ysene er, men stammar truleg fr\u00e5 jarnalderen (2000 f.Kr. - 600 e.Kr). Kjelde: Kulturnett M\u00f8re og Romsdal","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":" 15 min.","public_transport":"FRAM si ekspressrute mellom Volda og Kristiansund passerer Gjemnessundbrua. Herifr\u00e5 er det 1,7 km \u00e5 g\u00e5 langs FV 279 til turstart i Einnesvegen. Sj\u00e5 http:\/\/www.frammr.no\/ for reiseplanleggar. ","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"<p>Det vil truleg vere geiter her p&aring; beite i l&oslash;pet av sommaren. Vis omsyn. Det er sjeldan mykje sn&oslash; i omr&aring;det, og turen er derfor tilgjengeleg store delar av &aring;ret. Det kan likevel legge seg is, s&aring; broddar kan vere godt &aring; ha.<\/p>","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika og 128 Kristiansund-Sunndals\u00f8ra. ","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":true,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}