{"id":1353,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"rotsethornet-humbersetsaetra-loeypingskaret","name":"Rotsethornet-Homborsets\u00e6tra-L\u00f8ypingskaret","municipalities":["Volda"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":["H\u00f8st"],"tour_description":"Rotsethornet er eit landemerke i Volda. Ein er ikkje for ekte volding &aring; rekne f&oslash;r ein har vore her. Utsikta er flott, klyvinga opp er spanande og det er mange alternative ruter ned att. Dette er ei rute som ikkje er av dei vanlegaste, men absolutt &aring; anbefale. Du m&aring; rekne ca 3 timar p&aring; denne runda","tour_description_html":"<p>Rotsethornet er eit landemerke i Volda. Ein er ikkje for ekte volding &aring; rekne f&oslash;r ein har vore her. Utsikta er flott, klyvinga opp er spanande og det er mange alternative ruter ned att. Dette er ei rute som ikkje er av dei vanlegaste, men absolutt &aring; anbefale. Du m&aring; rekne ca 3 timar p&aring; denne runda<\/p>","directions":"<p>Ruta opp til Rotsethornet er godt merka. Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen og g&aring; p&aring; skogsveg opp til Kalsethola. Her startar stien opp \"framsida\". Fyl du stien, g&aring;r du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du f&aring;r hjelp av kjettingar\/tau og steg som er monterte i berget. P&aring; Aksla er det naturleg &aring; stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare oppover er det fortsatt litt bratt, men ikkje s&aring; bratt som det du har forsert til no. Du f&aring;r bel&oslash;nning n&aring;r du kjem p&aring; toppen i form av flott utsikt over Volda. Her oppe er det fint &aring; ta pause f&oslash;r du fortsetter turen vidare bakover. Du passerer Toskegj&oslash;let. Ta gjerne ein tur ut her, men vis varsemd, det er langt ned! Stien vidare er tydeleg og godt merka heilt til du kjem til f&oslash;rste stiskilje (bilde 4. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram g&aring;r ned Lisjedalen, som er den mest brukte ruta ned att. Du skal ta til h&oslash;gre, skilta H&oslash;gedalen og Homborsets&aelig;tra. G&aring; f&oslash;rst langs ein hammar, ta s&aring; skarpt til h&oslash;gre, over ei lita myr og s&aring; austover n&aring;r du har passert myra. Her er merka. F&oslash;lg sti vidare austover. Den skal vere grei &aring; finne. Her er ogs&aring; nokre merke du kan sj&aring; etter. Neste stiskilje er H&oslash;gedalen\/Homborsets&aelig;tra (bilde 5. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er det skilta. F&oslash;lg stien til h&oslash;gre vidare til like f&oslash;r Homborsets&aelig;tra. Stien er litt smalare enn tidlegare, men grei &aring; finne. N&aring;r du kjem nesten til Homborsets&aelig;tra,&nbsp;rett f&oslash;r ei kort, men bratt side, tek du stien som g&aring;r til venstre og f&oslash;lger denne langs Daletj&oslash;rna, ned L&oslash;ypingskaret og vidare p&aring; skogsveg ned til Rotevatnet. Det er merka ned til skogsvegen. Du skal ikkje ta av p&aring; sidevegar. F&oslash;lg vegen langs Rotevatnet tilbake til start.<\/p>","start_point":"K\u00f8yr fr\u00e5 Volda sentrum mot Hornindal\/Stryn (E39). Like f\u00f8r Rotsethorntunnelen startar turen. Her er det godt med parkering.\r\n\r\nGodt med plass til parekring der ruta startar; like f\u00f8r tunnelopninga","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"4 t. 0 min","public_transport":"Ringruta til Vikebygdvegen eller buss Volda - Stryn \r\nhttps:\/\/frammr.no\/   ","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"Ta gjerne med born p\u00e5 tur til Rotsethornet. Dei fleste synest dette er ein spanande tur fordi dei f\u00e5r \"klatre\" ein del. ","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"N\u00e6rturkart Volda - kan kj\u00f8past lokalt (Intersport og Norli)","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}