{"id":1050,"created_at":"2022-06-24T09:11:43.000000Z","updated_at":"2022-06-24T07:11:43.000000Z","slug":"flyene","name":"Flyene i Tafjord","municipalities":["Fjord"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":null,"seasons":["Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er ein tur som passar for dei fleste. Det er vel 300 h&oslash;gdemeter stigning fordelt p&aring; knapt 4 km ein veg, s&aring; nokon bratt tur er det ikkje. R&aring;sa g&aring;r forbi Kaldhusst&oslash;len, ein fin st&oslash;l med fem bygningar. Fr&aring; Flyene er det storsl&aring;tt utsikt mot Onilsavatnet og Tafjorden. NB! Det er fleire v&aring;te parti p&aring; stien.","tour_description_html":"<p>Dette er ein tur som passar for dei fleste. Det er vel 300 h&oslash;gdemeter stigning fordelt p&aring; knapt 4 km ein veg, s&aring; nokon bratt tur er det ikkje. R&aring;sa g&aring;r forbi Kaldhusst&oslash;len, ein fin st&oslash;l med fem bygningar. Fr&aring; Flyene er det storsl&aring;tt utsikt mot Onilsavatnet og Tafjorden. NB! Det er fleire v&aring;te parti p&aring; stien.<\/p>","directions":"<p>R&aring;sa (stien) g&aring;r f&oslash;rst i tett skog, litt stigning. S&aring; et det flatare, myrdrag, knausar og fureskog. V&aring;te parti. Du passerer under kraftlinja f&oslash;r du kjem til Kaldhusst&oslash;len (550 moh.), ein fin st&oslash;l med fem bygningar, ta gjerne ein liten avstikkar hit. St&oslash;len ligg litt skjult i kupert terreng, s&aring; det er lett &aring; g&aring; forbi, ver merksam p&aring; stidele om du vil stikke bortom. Det st&aring;r skilt p&aring; ei furu like etter passering under kraftlinja. F&oslash;lg med p&aring; kartet.<\/p>\r\n<p>Like&nbsp;etter st&oslash;len g&aring;r du over ei lita elv og her m&oslash;ter du den T-merka r&aring;sa mot Zakariasdammen, f&oslash;lg denne heilt til Flyene. Dette er DNT-ruta fr&aring; Kaldhuss&aelig;tra til Reindalseter. R&aring;sa g&aring;r no slakt opp og utover lia.Tett skog p&aring; mykje av turen, men det opnar seg etter kvart. Rett f&oslash;r du kjem til m&aring;let g&aring;r r&aring;sa forbi ei lita tj&oslash;nn, ein idyll i seg sj&oslash;lv. Er det stille ver f&aring;r du fine motiv av skog og fjell som speglar seg. Det er berre &aring; ta fram fotoapparatet her, for no er det berre eit lite stykke f&oslash;r du verkeleg f&aring;r bruk for det. Etter om lag 1,5 times&nbsp;roleg&nbsp;gange er du ved m&aring;let, her er det slutt p&aring; skog og fri sikt til alle kantar; ei fantastisk utsikt til fjord og fjell! Men ver varsam - her er det bratt utf&oslash;re! <br \/>Ta fram nista og nyt livet! Turkassa finn du p&aring; TK-hytta oppe p&aring; knausen.<\/p>\r\n<p>Fr&aring; Flyene har du fri sikt ned i Tafjordbyda og utover Tafjorden. Rett under deg ser du Onilsavatnet, og s&aring;ret i fjellsida p&aring; Breinausa (til h&oslash;gre) er ikkje til &aring; unng&aring; &aring; sj&aring;. Her gjekk det eit stort ras ned i Jimdalen i 1994. Bak deg ruvar Storfjellet som deler dalf&oslash;ret i to. R&oslash;dalen og Reindalen i aust og Kaldhusdalen mot s&oslash;rvest. Flyene ligg ikkje meir enn knappe 800 moh. - men du f&aring;r ei utruleg utsikt!<\/p>\r\n<p>Den T-merka stien g&aring;r videre ned i &Oslash;yna, s&aring; om du ikkje vil g&aring; same vegen tilbake s&aring;&nbsp;er moglegheita der (sj&aring; kart). D&aring; er det&nbsp;best &aring; vere fleire i lag slik at ein har bil p&aring; begge stadar, om ikkje blir det fole langt &aring; g&aring; bilvegen tilbake til p-plassen. R&aring;sa ned her er heilt grei, men ikkje s&aring; fin som der du kom.<\/p>\r\n<p>Det er ogs&aring; mogleg &aring; starte turen fr&aring; Kaldshuss&aelig;ter Turisthytte (DNT Sunnm&oslash;re). F&oslash;lg T-merka sti fr&aring; hytta.<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 Tafjordbygda f\u00f8lgjer du vegen f\u00f8rst litt oppover i bygda, s\u00e5 langs Onilsavatnet til vegdele (4 km). Hald s\u00e5 fram mot Kaldhuss\u00e6ter (skilta). Like etter at du er ferdig med den bratte stigninga opp fr\u00e5 Kaldhusdalen flatar vegen ut med elva p\u00e5 h\u00f8gre side (ca 4 km fr\u00e5 vegdele). Ver merksam p\u00e5 ei lita opning og ein vegstubbe inn til venstre; Kvilebakken. Her parkerer du og startar turen. Det er skilta til Kaldhusst\u00f8len\/Zakariasdammen. Litt lenger framme g\u00e5r kraftlinja heilt inn til vegen, ser du den er du p\u00e5 rett plass. Det er ogs\u00e5 mogleg \u00e5 parkere ved ei utk\u00f8yring ca 50 m lenger framme.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 turen g\u00e5r du forbi Kaldhusst\u00f8len, s\u00e6ter for Kaldhusdalen. her er det tre sel og to fj\u00f8sar. Vil du lese meir om denne s\u00e5 sj\u00e5 i \"Til seters, setrar i Norddal\" (utgitt av Valldal Bygdekvinnelag 2012).\r\nOm du hald fram fr\u00e5 Flyene mot \u00d8yna eit lite stykke, ser ein \"slagghaugar\", spor etter gruvedrifta som var her fr\u00e5 1909 til 1914. Det var pr\u00f8vedrift p\u00e5 uttak av titanjernstein (ilmenitt). To gangar var det planar om \u00e5 starte opp att, men vart begge stoppa av verdenskrigar.","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 50 mi","public_transport":"Nei","mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"I \u00d8ynalia like nedanfor Flyene var der eit gruveanlegg med sju malmgruver som var i bruk i berre nokre f\u00e5 \u00e5r fr\u00e5 1909 og utover. Det er oppdaga store steinkonstruksjonar som blei bygt i samband med gruvedrifta. Det var ogs\u00e5 planlagt jernbane for \u00e5 f\u00e5 malmen frakta ut av omr\u00e5det, men det blei det ikkje noko av. Ein del av malmen ligg framleis i haugar utanfor gruvene.\r\nHytta p\u00e5 Flyene tilh\u00f8yrer Tafjord Kraftselskap (TK).\r\n","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000","snowmap":false,"competition_opening":"2022-06-22","competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":"Det blir sein opning p\u00e5 grunn av sn\u00f8 og v\u00e5tt terreng.","uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}