English

Volsdalsneset rundt

Ålesund

Kort om turen

Ein fin tur for alle aldrar i lett kupert terreng. Gruslagt sti eller asfalt heile vegen. Litt bratt for barnevogn enkelte stadar.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringa på Volsdalsberga. Det er ein rundtur, så ein velge sjølv kva veg ein vil gå. Alternativ 1 forklart her. Gå ifrå parkeringsplass over til gangfelt på motsatt side av parkering. Følg den vidare forbi brannstasjon mot dei høge blokkene. Når ein passerer den siste blokka så vil det kome til syne ein grussti som går over ein knaus. Oppe på denne knausen er det treningsapparat om ein vil styrke seg. Gå stien vidare ned mot stadion, kryss vegen over til stadion og følg langsida vestover. Ved enden av stadion hald mot venstre og gå imellom stadion og Sparebanken Møre Arena. Der hallen tek slutt går ein til høgre og då vil ein sti komme til syne. Følg den ned til gruslagt sti og ta til høgre. StikkUt-posten vil vere på det høgste punktet her. Snu her og følg den gruslagte stien tilbake ned mot sjøfronten. Gå langs sjøfronten bort til Ålesund Dykkerklubb. Bakom det bygget går stien vidare langs Volsdalsberga. Denne stien fører deg opp att til parkeringa.

OBS! Ved snøfall så kan det rase snø frå taket på hallen, så hald mot stadion i slike værhøve.

Tilkomst og parkering

Ta av frå innfartsvegen mot Volsdalberga og ta av inn på Sjømannsvegen. I starten av Sjømannsvegen vil du sjå ein parkering på venstre side. Ta av dit og parker.

Fottur
Grønn
Lengde
2,33 km en vei
Stigning
57 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
21 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,1
Grus 1,1
Køyreskildring
Print ut